Filtrer på tags

SOMU gir støtte til åtte prosjekt

SOMU gir støtte til åtte prosjekt

Siri Byrkjedal og Øyrehagen mottar turnéstøtte. Line Dybedal, Frida Hunshammer, Slegest, Kråkebollane, Øyrehagen og I SEE RIVERS mottar støtte til innspeling.

Sogn og Fjordane musikkfond (SOMU) er eit sjangeruavhengig fond med tilskotsordningar for artistar og arrangørar frå Sogn og Fjordane. Fondet har eksistert sidan 2012 og vert administrert av Brak. Midlane til fondet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Fondet har årleg søknadsfrist 15. oktober. 

Line Dybedal fekk støtte til innspeling av vinterlåt
Line Dybedal frå Selje følger opp musikken frå barnetv-serien “Bli med heim” med meir barnemusikk som vaksne også har glede av. Med den nye singelen “Hjertet lyser som ei snølykt” viser ho mysteriet og spenninga rundt nysnøen når vinteren endeleg kjem.

“SOMU er viktig fordi det å drive kultur, både på amatør- og profesjonelt nivå er krevande. SOMU gjev oss ein liten dytt, slik at vi får realisert draumar og fine prosjekt. Tusen takk!!”
– Line Dybedal

Frida Hunshammer med EP i 2020
Årdølen har sleppt tre eigne singlar etter suksessen i “The Voice” i 2017. I 2020 ventar den første EP-en til 20-åringen som har bemerka seg med ein fot i moderne pop og den andre i EDM-sjangeren. Med sterk låtskrivarteft og ei særeiga stemme lovar dette bra for neste års spelelister.

“SOMU er viktig for unge musikarar som vil drive med musikk. Til tross for at eg er student, er det utrulig vanskeleg å sleppe musikk med mindre eg får støtte frå ulike musikkfond som SOMU. Det er bra at Sogn og Fjordane er villig til å hjelpe musikarar ved å gi dei støtte. Tusen takk!”
– Frida Hunshammer

Slegest med ny utgiving
Den fjerde langspelaren med tunge riff og breibeinte systrendingar er på veg frå dei mørke skogane langs Sognefjorden. Sidan sist har bandet turnert Europa med andre dunkle sjeler frå blant anna Taake, Einherjer og Vreid. Ei ny plate i slutten av 2020 skal vere med på å utvikle bandet musikalsk og legge grunnlaget for fleire turnésamarbeid.

Debutalbum frå I SEE RIVERS
I SEE RIVERS består av ⅓ Jostedøl i form av Eline Brun. Med to EP´ar under beltet er float-pop (!) trioen no klare for å sleppe sin aller første fullengdar. Delvis busett i Wales har dei allereie fått mykje merksemd frå pressa i Storbritannia inkludert speletid på Sunday Brunch som dei gjesta saman med Mark Ronson.

Kråkebollane set musikk til Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar
Lena Skjerdal, Knut Lothe og Erik Håkon Halvorsen går under navnet Kråkebollane. Dei har komponert og arrangert musikk til dei nynorske dikta frå barneboka om Konrad Kråkebolle og dei andre fjærefantane skrive av Lisbeth Dreyer. Musikken skal no endelig bli festa til lydband til glede for små og store barn.

To stikk til Øyrehagen

Håvard Øyrehagen får støtte både til å følge opp debutplata “Nordland” med nytt album og til å reise rundt med det nye materialet på turné i heimfylket og til dei store byane i Norge.

“SOMU er kjempeviktig for meg som musikar som skal leve og bu i Sogn og Fjordane. Det at dei lokale fonda trur på meg som musikar og komponist gjer at eg kan nå ut i både heimfylket og resten av landet med musikken min.”
– Håvard Øyrehagen

Siri Byrkjedal på turné med protestsong-plate

Siri Byrkjedal frå Sandane slepp si debutplate i januar 2020 på det Oslobaserte plateselskapet KOSO. Plata er ei moderne protestsong-plate for alle som kjenner ei bekymring for framtida og samtidig har ei trong til å gjere ei endring. Gjennom konsertane ynskjer Siri å skape eit rom der folk kan møtast og kjenne på korleis det er å leve i ei individualistisk, splitta og usikker tid.

SOMU er viktig for meg i mitt kreative yrke. Å få stønad frå SOMU skaper både motivasjon til å skape ting i heimfylket, og ein tryggheit på at ein har støtte frå heimtraktene i arbeidet ein gjer.

Eg er avhengig at økonomisk stønad for å kunne gjennomføre dei kreative prosjekta eg ønskjer, og det er fantastisk at SOMU har trua på meg og mitt arbeid.
Det er ein kjempeviktig og god kjensle i ein ellers til tider overveldande musikkbransje.
– Siri Byrkjedal

Juryen hadde ein utfordrande jobb

Av dei 19 søknadane som kom inn var det høgt nivå og det vart ein tøff jobb for juryen å velje ut kven som fikk dele dei 125 000 kronene som vart delt ut i denne runden. Juryen besto av Kristin Sandal frå produksjonsselskapet OnCue Music Productions, Viggo Randal frå musikkfestivalen Utkant og artist og folkemusikar Britt Pernille Frøholm.

Juryen har hatt ein veldig kjekk, men også utfordrande jobb. Det var mange gode prosjekt å velje i, og stor spennvidde i søknadane. Så det var ikkje berre enkelt å skulle plukke ut nokre få. Vi har vektlagt kvalitet, utvikling, geografisk spredning og sjangerbreidde i vurderinga vår. Det er kjekt å sjå at det er so mykje bra på gang i musikklivet i fylket, og det er flott at SOMU kan vere med å løfte fram det som skjer.
– Kristin Sandal, på vegne av juryen i SOMU

 

Siste nytt