Filtrer på tags

Siste frist for Sogn og Fjordane musikkfond

Siste frist for Sogn og Fjordane musikkfond

Er du artist eller musikkbransjeaktør med tilknytning til Sogn og Fjordane? Søk støtte fra SOMU! Fristen går ut 15. oktober.

I år er det fem ordningar å søkje på. Talentprogram og Etableringsprogram blir tildelt i form av verktøy for å komme seg vidare i bransjen, medan Stønad til innspeling, turné og arrangørsamarbeid er reine pengegåver.

Gode prosjektskildringar og budsjett er avgjerande for juryen. Lær korleis du skriv gode søknadar på brak.no gjennom Tips til søknadsskriving og Budsjettmalar for innspeling, konsert og turné.

For å søkje midlar frå SOMU pliktar søkjar å:

  • Ha nær tilknyting til Sogn og Fjordane.

  • Vere over 18 år. Dersom søkar er under 18 år kan ein søka via ein føresett.

  • Rapportere på mal for rapportering som du får tilsendt på e-post ved tilslag.

  • Ein kan ikkje søke om stønad til prosjekt som er fullførte eller påbegynt før søknaden er sendt.

  • Alle søknadar må ha budsjett.

  • SOMU fullfinansierer ikkje prosjekt.

  • Godkjenne personværnerklæring for utfylling av elektronisk søknadsskjema* (dette gjer ein i søknadsskjemaet).

Alle stønadskriteria finn du her.

Sogn og Fjordane musikkfond er eit fond som tilbyr støtte til artistar og andre aktørar i musikknæringa som er knytt til Sogn og Fjordane.

Midlane kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Tenester vert levert av samarbeidspartnarane OnCue Music Productions AS, Vestnorsk Filmsenter og Malakoff Rockfestival.

Fondet er etablert og administrert av Brak og støttar innspelingsprosjekt, turnear og arrangørsamarbeid. I tillegg administrerer SOMU eit talentprogram og eit etableringsprogram.

Informasjon og søknadsskjema

Siste nytt