: Grøn Festival

Grøn Festival

I desse dagar utviklar Brak ei miljøsertifisering for festivalar. På denne sida vil vi legge ut ein guide til korleis du kan miljøsertifisere deg.

Sertifiseringa med tilhøyrande instruks er under arbeid og planlagt ferdig i løpet av hausten 2019. Det vil bli mogleg å sertifisere festivalen for festivalsesongen 2020.

Fem satsingsområde

Sertifiseringa fokuserer på klimatiltak i fem hovudområde:

  1. Energi
  2. Transport
  3. Innkjøp
  4. Mat og servering
  5. Avfall

Under kvart satsingsområde blir det krav om å gjennomføre ulike tiltak som f.eks. å kutte plast ved servering av mat eller å bytte frå dieselaggregat til landstraum.

Instruks

Til sertifiseringa blir det utarbeida ein instruks. Denne skal innehalde tips og råd om korleis du kan gjennomføre tiltak. Det vil også bli lagt inn ressursar som til dømes liste over renovasjonsselskap og korleis dei vil motta avfall (i kva fraksjonar) og liste over søkbare midlar for å gjennomføre miljøtiltak.

Sertifisering 
For å bli sertifisert vil du måtte krysse ut ei sjekkliste som skal sendast inn til prosjektleiar. Har du fullført alle krava vil du kunne kalle deg Grøn Festival og få bruke logoen på dine nettsider. Det vil bli gjennomført stikkprøver i løpet av festivalsesongen, men i hovudsak vil sertifiseringa basere seg på tillit og fokusere på gjennomføring av tiltak over rapportering og papirarbeid.

Festivalsesongen 2019

Festivalane i styringsgruppa gjennomfører ulike tiltak allereie i sesongen 2019 og testar ut spesielt dette med avfallshandtering. Det er også utarbeida ein kampanje som festivalane kan dele på sosiale media for å oppmode gjestene sine til å ta miljøvennlege val. I årets kampanje fokuserer vi på å redusere biltrafikken, bruk av eingongstelt og snus og sneip som hamnar på bakken under ein festival.

Vil du ha tilgong til plakat som kan delast på facebook eller instagram? Ta kontakt med prosjektleiar på elise@brak.no.

 

Prosjektet er finansiert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane