Filtrer på tags

Línt signerer til Tyskland

Línt signerer til Tyskland

Etter sin første utanlandske konsert på Spot-festivalen i Århus, Danmark i april, vart postrockarane frå Bergen plukka opp av ein begeistra gjeng frå tyske Popup Records. Møtet ende i platekontrakt, PR- og bookingavtale for Tyskland, Sveits og Austerrike. Danskane vart også imponert over norsk postrock, og inviterte Línt tilbake.

2017 blir dermed eit år for kontinentutforsking for Línt, som albumdebuterte med kritikarroste «Then They Came For Us» i 2015. Det er dette som no trykkast, i tillegg til vinyl, som CD – som Klangkollektivet normalt held seg vekk frå – og distribuerast nedover Europa.

Allereie 29.juli vart første singel, «Trips», gitt ut, og 11. november lanserast debutalbumet i dei tyskspråklege land på kontinentet. «Trips» har allereie blitt handplukka til ei rekkje større radiostasjonar, blant anna av den anerkjende radioverten Klaus Fiehe på WDR 1 Live. Tidleg 2017 ventar turné i Tyskland, Sveits, Austerrike og Danmark, sistnemnde på det nyoppstarta konseptet Norwegian Invasion på Huset i København, der Billie Van spelar på første utgåve i november. Før bandet reiser frå Noreg, gir dei konsert for heimepublikummet på Hulen i Bergen 4. november.

Som barn av samtidas post-rock, var ambient og drøymande gitarkomposisjonar nøkkelord for Línt sitt utgangspunkt ved oppstarten i 2012. Musikken karakteriserast av dynamiske kontrastar som inneheld både symfoniske og avantgardistiske element, i suggerande komposisjonar som byggjer seg opp til mektige lydlandskap – ein kombinasjon som har gitt varm mottaking live og på plate – både frå publikum og presse (bl.a 5-er i VG og BT for debutalbumet). Bandet har spelt på festivalar som by:Larm, Hove, Klubb-Øya og Trondheim Calling, og på spelestader som Hulen, Landmark, Østre i Bergen og Mono, Revolver og Gamla i Oslo.

«Storslått postrockperle! Det er massivt, helt uten frykt og en altoppslukende opplevelse»
– Bergens Tidende 08.05.15

«Beauty that is hard to express in words»
– Nothing But Hope And Passion 12.02.15


Siste nytt