Filtrer på tags

Nybegynnerkurs i scenelys/lysteknikk i Dale (Sunnfjord) 28. – 29. mars

Nybegynnerkurs i scenelys/lysteknikk i Dale (Sunnfjord) 28. - 29. mars

I samarbeid med Preform og Samvirket i Dale arrangerer vi to-dagerskurs i lysteknikk!

Kurset passar for deg som er nybegynner, men som har interesse i å arbeide med lys til konsertar og teater.
Kurset går over 2 dagar men det er mogeleg å delta ein av dagane.

Lørdag 28.mars
10:00 Velkommen!
Presentasjon og gjennomgang av kursinnhald.
10:30 Generell grunninnføring i lys/ scenerigg og tryggleik. Branninstruks med rømming, publikumstryggleik og førebygging av brann.
11.00 Grunninnføring i lyskastarar spesifikt på denne riggen. Vi går igjennom kvar enkelt type kaster og ser på bruk og spesifikasjonar. Enkel feilsøking og vedlikehald.
12:00 Lunsj
12:30 Praktisk gjennomgang
Rigging /oppsett, vinklar, kabling mm: Her riggar vi nokre spesial lyskastarar og går gjennom ulike bruksområde og idear – med f.eks. retting av lys og scenerøyk. Vi avsluttar ca kl 14:00

Søndag 29.mars
10:00 Grunninnføring i lysbord/programmering og gjennomføring av konsert/teater.
12:00 Lunsj
12:30 Programmering og opplæring i Samvirket sitt lysbord for livemusikk og qing av teater. Køyring av lys til event og teater.
14:00 Oppsummering og evaluering.

Kurshalder: Yasin Gyltepe
Yasin er utdanna lysdesigner. Har lang fartstid som lysdesigner, og lystekniker i inn- og utland. Han er også den har hatt ansvar for utviklinga av scena i Dale.

Kursstad: PreForm har utvikla ei ny scene på Samvirket i Dale. Rommet har ein enkel, men heilt ny lysrigg, utstyrt med LED scenelys og eit lysbord av merke MA grandMA3 – onPC Comand wing.

Pris: Kr 500,- pr dag inkl. lunsj og kaffi. Er du medlem i Brak, kan du delta gratis.

Påmelding innan 17.mars til: ingrid@kulturpro.com. Medlemmar i Brak melder seg på til elise@brak.no.

Kontaktperson: Ingrid Hansen, tlf. 47908100
Adresse – Samvirket: Dalsvegen 97B, Dale i Sunnfjord
Overnatting: Fabel Kafe og Motell tlf.: 400 70 470 el Nordisk Kunstnarsenter Dale: 960 10 573

Siste nytt