Workshop trommesett med Erik Smith (17 – 99 år)

Workshop trommesett med Erik Smith (17  - 99 år)

Lær nye triks på trommene med Erik Smith!

Dette kurset passar for dei som har lyst å utvikle trommeferdigheitene sine. Erik Smith legg opp kurset slik at variasjonar i nivå ikkje blir ei hindring. Er du litt øva, godt øva eller instruktør? Bli med på kurs og få ny inspirasjon!

Meld deg på her 

 

Stad: Den nye kulturskulen i Førde (rett bak Førdehuset)
Dato: 29. november 2019
Tid: 17.00 – 20.00
Pris: 600 kroner / gratis for medlemmar i Brak og tilknytte Førde kulturskule

Vi set opp to trommesett – eitt til Erik og eitt til deltakarane. Vi deler tida på dei deltakarane som er påmeldt (maks 9) og alle får då minst 20 minutt med personlig oppfølging frå trommesettet med Erik Smith. Alle deltakarane høyrer på kvarandre. Ta med deg ein låt, eit groove eller eit problem som du har lyst å få nytt blikk på. Det er mogleg å få opp playback ved behov.

NB! 2 plassar igjen.

 

Erik Smith

Erik Smith er ein av landets mest erfarne og allsidige trommeslagerar med nesten 40 års fartstid innan alle greiner av norsk musikkliv; Innspelingar og turnear i de fleste sjangrar, TV, teater, musikalar, undervisning, instrument-design, clinic- og føredragsverksemd og som skribent. I tillegg er Erik ein av få på sitt instrument som er anerkjent og flittig brukt i utlandet. Erik har blant anna jobba med Bugge Wesseltoft, Helge Sunde, Randy Crawford, Neil Sedaka, Michael Bolton, KORK, Oslo Groove Company og mange, mange, mange fleire.

Erik legg stor vekt på rytmisk forståing, individuelle ferdigheiter, uttrykk ut mot publikum samt konsentrasjon, fokus og profesjonell tenking. Undervisning, råd og tilbakemeldingar er basert på kvar enkelt utøver sjølv om klassen foregår i fellesskap. Erik gir elevane eit innblikk inn i eit profesjonelt virke innan musikk og kva som krevjast for å jobbe profesjonelt som musiker. Erik understreker også kor viktig det er å ha si eiga stemme på instrumentet og å utvikle musikalsk identitet og personleg uttrykksmåte. Og sist men ikkje minst er inspirasjon og musikkglede viktige stikkord! Musikk skal vere gøy!

 

Påmelding

Brak-medlemmar og elevar/lærarar ved Førde kulturskule kan delta gratis.
For andre kostar det 600 kroner å delta. Faktura blir sendt ut i etterkant av kurset.

Meld deg på her 

Vil du vere med kun som observatør? Meld deg på her.

Andre kurs med Erik Smith

Les meir om Workshop med Erik Smith (12 – 16 år)
Les meir om Feedback med Erik Smith
Les meir om Jamsession med Erik Smith

Kursserien er arrangert i samarbeid med Førde kulturskule.

Siste nytt