Workshop trommesett med Erik Smith (12 – 16 år)

Workshop trommesett med Erik Smith (12 - 16 år)

Lær nye triks på trommene med Erik Smith!

Dette kurset passar for dei som har lyst å utvikle trommeferdighetene sine. Du kan vere nybegynner, litt øvd eller øvd for å delta. Erik Smith legg opp kurset slik at det ikkje er så farlig om deltakarane er på forskjellig nivå.

Meld deg på her 

Stad: Festsalen på Førdehuset
Dato: 30. november 2019
Tid: 15.30 – 17.00

ERIK SMITH er ein av landets mest erfarne og allsidige trommeslagerar med nesten 40 års fartstid innan alle greiner av norsk musikkliv; Innspelingar og turnear i de fleste sjangrar, TV, teater, musikalar, undervisning, instrument-design, clinic- og føredragsverksemd og som skribent. I tillegg er Erik ein av få på sitt instrument som er anerkjent og flittig brukt i ut-landet. Erik har blant anna jobba med Bugge Wesseltoft, Helge Sunde, Randy Crawford, Neil Sedaka, Michael Bolton, KORK, Oslo Groove Company og mange, mange, mange fleire.

Erik legg stor vekt på rytmisk forståing, individuelle ferdigheiter, uttrykk ut mot publikum samt konsentrasjon, fokus og profesjonell tenking. Undervisning, råd og tilbakemeldingar er basert på kvar enkelt utøver sjølv om klassen foregår i fellesskap. Erik gir elevane eit innblikk inn i eit profesjonelt virke innan musikk og kva som krevjast for å jobbe profesjonelt som musiker. Erik understreker også kor viktig det er å ha si eiga stemme på instrumentet og å utvikle musikalsk identitet og personleg uttrykksmåte. Og sist med ikkje minst er inspirasjon og musikkglede viktige stikkord! Musikk skal vere gøy!

 

Påmelding

Brak-medlemmar og elevar ved Førde kulturskule kan delta gratis.
For andre kostar det 400 kroner å delta. Faktura blir sendt ut i etterkant av kurset.

Meld deg på her 

 

Andre kurs med Erik Smith

Les meir om Workshop med Erik Smith (17 – 99 år)
Les meir om Feedback med Erik Smith
Les meir om Jamsession med Erik Smith

Kursserien er arrangert i samarbeid med Førde kulturskule.

Siste nytt