Vestland fylkeskommune – Tilskot til prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur

Tilskotsordninga for prosjekt og tiltak – profesjonell kunst og kultur skal stimulere til eit sterkt, profesjonelt kulturliv som fremjar skapande og frie kunstuttrykk i Vestland. Ordninga gjeld for aktørar og/eller aktivitetar innan det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Vestland fylke. Prosjektet eller tiltaket som får støtte, skal ha eit kunstnarleg/kulturfagleg hovudføremål.

OBS: Utsatt frist til 08. mars 2020

Føremål med ordninga

Ordninga skal stimulere til at Vestland fylke har eit sterkt, profesjonelt kulturliv som fremjar skapande og frie kunstuttrykk. Ordninga skal også sikre innbyggjarane i heile fylket tilgang til eit mangfaldig kulturtilbod av høg kvalitet.

Ordninga skal styrkje gjennomføringa av eit regionalt kunstløft slik det er skissert i dei regionale planane for kultur og skal svare på aktuelle utfordringar og behov innanfor eit ambisiøst og profesjonelt kunst- og kulturliv i fylket. Ordninga skal omfatte kunst- og kulturprosjekt i regi av profesjonelle aktørar i Vestland, eller tiltak og prosjekt som er retta mot/går føre seg i fylket.

Vestland fylkeskommune har spesiell merksemd på barn og ungdom, og vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet.

Kven kan søke?

Ordninga gjeld for aktørar og/eller aktivitetar innan det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Vestland fylke, og prosjektet eller tiltaket skal ha eit kunstnarleg/kulturfagleg hovudføremål.

Organisasjonen må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan eventuelt søkje tilskot på vegne av ei gruppe. Då må du gje opp fødselsnummer, og eit eventuelt tilskot er oppgåvepliktig til skattemyndigheitene.

Organisasjonar/institusjonar som tek imot driftsstøtte frå Vestland fylkeskommune kan søkje støtte til prosjekt eller tiltak som fell utanfor den ordinære drifta, som t.d. samarbeidsprosjekt og utprøving av nye tiltak.

Søknadsfrist

Årlege søknadsfristar er 1. mars og 1. september.

Kva kan ein få støtte til

Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så prosjektet må ha regional verdi og/eller nedslagsfelt. Det vert såleis ikkje gitt tilskot til tiltak i ein kommune – det er ifølgje kulturlova er eit kommunalt ansvar.

Tilskotsmidlane kan gje høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i fylket, t.d. gjennom pilotprosjekt med overføringsverdi til andre.

Tiltaket det blir søkt om må oppfylle desse tre absolutte kriteria for å verte tilrådd støtte:

  1. Tiltaket skal vere i samsvar med føremålet i søknadsordninga.
  2. Tiltaket skal stette ein eller fleire satsingar i regional plan for kultur.
  3. Tiltaket skal ha regional kulturverdi, dvs. ha ein kommuneovergripande funksjon og/eller verdi.

Løyvinga skal i hovudsak ligge mellom 10 000 og 100 000 kroner. For større prosjekt kan det vere aktuelt å søkje om støtte frå Kulturelt utviklingsprogram.

Det blir ikkje gitt støtte til følgjande

  • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument.
  • Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale eller kommunale institusjonar
  • Innspeling og utgjeving av litteratur, film og musikk. (Unntak kan vere dokumentasjon med kulturhistorisk verdi.)
  • Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald o.l.

 

Les mer og søk her.

Siste nytt