Vestland fylkeskommune – tilskot til prosjekt og tiltak – frivillig kulturliv

Vestland fylkeskommune vil gjennom denne tilskotsordninga stimulere til aktivitet, og sikre innbyggjarar i heile fylket høve til å delta i eit mangfaldig kulturliv. Ordninga gjeld for aktørar eller aktivitetar innan det frivillige kulturfeltet/amatørkulturfeltet i Vestland fylke med kulturaktivitet som hovudføremål.

OBS: Utsatt frist til 08. mars 2020

Føremål med ordninga

Tilskotsordninga for prosjekt og tiltak i det frivillige kulturlivet skal stimulere til aktivitet, og sikre innbyggjarar i heile fylket høve til å delta i eit mangfaldig kulturliv. Kulturpolitikken skal fremje og støtte eit sterkt frivillig kulturliv og stimulere til nettverk og samarbeid.

Vestland fylkeskommune har spesiell merksemd på barn og ungdom, og vi ønskjer å stimulere til at unge er aktive deltakarar i prosjektet.

 

Søknadsfrist
Årlege søknadsfristar er 1. mars og 1. september

 

Kven kan søke

Ordninga gjeld for aktørar eller aktivitetar innan det frivillige kulturfeltet/amatørkulturfeltet i Vestland fylke, og prosjektet eller tiltaket skal ha kulturaktivitet som hovudføremål.

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan eventuelt søkje tilskot på vegne av ei gruppe. Då må du gje opp fødselsnummer, og eit eventuelt tilskot er oppgåvepliktig til skattemyndigheitene.

Organisasjonar/institusjonar som tek imot driftsstøtte frå Vestland fylkeskommune, kan søkje støtte til prosjekt eller tiltak som fell utanfor den ordinære drifta, som t.d. samarbeidsprosjekt og utprøving av nye tiltak.

 

Kva kan ein få støtte til

Rolla til fylkeskommunen er å vere ein regional utviklar, så prosjektet må ha regional verdi og/eller regionalt nedslagsfelt. Det vert såleis ikkje gitt tilskot til tiltak i ein kommune – det er ifølgje kulturlova er eit kommunalt ansvar.

Tilskotsmidlane kan gje høve til å prøve ut nye prosjekt og tiltak som kan vere med på å vidareutvikle kulturlivet i fylket, t.d. gjennom pilotprosjekt med overføringsverdi til andre.

Tiltaket det blir søkt om, må oppfylle tre absolutte kriterium for å verte tilrådd støtte:

  1. Tiltaket skal vere i samsvar med føremålet i søknadsordninga.
  2. Tiltaket skal stette ein eller fleire satsingar i regional plan for kultur.
  3. Tiltaket skal ha regional kulturverdi, dvs. ha ein kommuneovergripande funksjon og/eller verdi.

Løyvinga skal i hovudsak ligge mellom 10 000 og 100 000 kroner. For større prosjekt kan det vere aktuelt å søkje om støtte frå Kulturelt utviklingsprogram.

 

Det blir ikkje gitt støtte til følgjande

  • Innkjøp og vedlikehald av bygg, utstyr og instrument
  • Tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale eller kommunale institusjonar
  • Innspeling og utgjeving av litteratur, film og musikk. (Unntak kan vere dokumentasjon med kulturhistorisk verdi.)
  • Deltaking på seminar, utdanning, studiereiser, gjestekunstnaropphald o.l.

 

Les mer og søk her

Siste nytt