Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane: Furorestipend

Sparebankstiftinga inviterer med dette alle i alderen 15-30 år (dvs frå det året du fyller 15, til det året du fyller 30)  til å søkje om Furorestipend. Stipenda er på frå 25.000 og opp til 100.000 kroner, og går som før til framifrå utøvarar som er på internasjonalt nivå innan sitt felt.

Furorestipenda har tre kategoriar: kultur, idrett og open klasse – som tyder at talent innan alle felt kan søkje.

Tidlegare har såvel håntverkarar som musikarar, idrettsfolk, forfattarar, dansarar, designarar og filmskaparar fått stipend – for å nemne nokon.

Se her for mer info og søknadsskjema.

Siste nytt