Norsk Kulturråd: Aspirantordninga

Formål

For at kulturinstitusjonane skal spegle mangfaldet i befolkninga, er det viktig at dei tilsette ved institusjonane også speglar dette mangfaldet. I mange tilfelle er det vanskeleg å finne kandidatar til stillingar i kulturinstitusjonane med variert kulturell og sosial bakgrunn, og som samstundes har dei nødvendige kvalifikasjonane. Kulturrådet har difor etablert ei aspirantordning for å styrkje rekruttering av utradisjonell kompetanse som kan fremje nye impulsar og stimulere til nytenking og utvikling i alle delar av kultursektoren. Aspirantordninga er eit pilotprosjekt, med eit avgrensa tal aspirantar i 2013/2014 og med gradvis utvikling på bakgrunn av erfaring. Ordninga vil bli evaluert etter tre år.

Målet er å etablere ei aspirantordning i kunst- og kulturinstitusjonar som kan gi unge kunstnarar og kulturarbeidarar høve til å utvikle seg fagleg, lære korleis institusjonane arbeider og få tilgang til viktige kontaktar og nettverk. Ordninga skal sikre ei breiare sosial rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke.

Kva kan det søkjast støtte til?

Profesjonelle kunstnariske og kulturfaglege verksemder kan etter søknad få tilskot til å tilsetja kunstnarar eller kulturarbeidarar som er i etableringsfasen, i aspirantstillingar i 100% stilling i normalt eitt år.

Kontakt med kunst- og kulturfeltet viser at det er stort behov for arrangør- og produsentkompetanse. Ordninga omfattar difor òg hospitering innanfor administrasjon, produsent- og arrangørverksemd.

I 2013 omfattar ordninga 6 stipend på NOK 330 000,- kvar. Stipendet skal i sin heilskap gå til å tilsetta ein aspirant i verksemda. Institusjonane som tek imot aspirantar må forplikte seg til å gi aspiranten meiningsfylte oppgåver som sikrar fagleg og kunstnarleg utvikling, er i samsvar med institusjonane sine målsettingar, og behov og at resultatet av opplæringa blir målbar.

Kven kan søkje?

Målgruppa for aspirantordninga er nyutdanna kunstnarar, kulturarbeidarar med kunstfagleg grunnutdanning eller personar med tilsvarande kompetanse.

Det er verksemda som må sende inn søknad om tilskot til aspirantstilling. Profesjonelle kunst- og kulturverksemder av skapande, utøvande eller formidlande karakter innan alle kunstformer kan søke om aspirantstillingar. Dersom søknaden gjeld en namngjeven aspirant, bør søknaden vera utarbeida i samarbeid med aspiranten. Fråviker søknadsperioden eit år må dette grunngjevast.

For å bli tilsett i aspirantstilling må kunstnaren/kulturarbeidaren i hovudsak bu i Norge og høgst tre år tidlegare ha fullført utdanning frå norsk høgskule i kunst- eller kulturfag eller likeverdig utanlandsk skule. Personar med minoritetsbakgrunn vert oppmoda om å søkja.

Verksemdene vert oppmoda til å ta kontakt med aktuelle aspirantkandidatar og kandidatar vert oppmoda om å ta kontakt med aktuelle verksemder.

Se her for mer info og søknadsskjema.

Siste nytt