Lotteri- og stiftelsestilsynet: Momskompensasjon

Støtta til den frivillige sektoren er trappa opp dei siste åra. I 2010 vart det vedteke ei ny ordning der frivillige organisasjonar kan søkje om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift dei har hatt ved kjøp av varer og tenester, basert på årsrekneskap eitt år tilbake i tid. Denne ordninga erstatta den tidlegare ordninga med kompensasjon for tenestemoms.

Målgruppe
Målgruppa for ordninga er frivillige organisasjonar, med avgrensingar etter § 5 i forskrifta.

Kven kan søkje?
Frivillige organisasjonar der frivillig innsats er ein viktig del av verksemda kan søkje om kompensasjon. I tillegg må organisasjonen:

  • vere registrert i Frivilligregisteret innan søknadsfristen, 1. september.
  • kunne dokumentere at frivillig innsats er ein viktig del av verksemda (de må leggje eigenerklæring for frivillig arbeid ved søknaden. Les kva som blir definert som frivillig verksemd, i lov om register for frivillig virksomhet § 3.
  • oppfylle kriteria elles

 

Se her for mer info og søknadsskjema.

Siste nytt