Låtskrivingskurs med Eline Brun

Låtskrivingskurs med Eline Brun

Har du lyst å skrive dine eigne låtar, men veit ikkje heilt kor du skal begynne? Då er dette kurset for deg!

Meld deg på her 

 

Stad: Stryn kulturskule
Dato: 27. september
Tid: 17.00 – 21.00
Pris: gratis for Brak-medlemmar og elevar i kulturskulen. 300 kroner for andre deltakarar.
Alder: 10 – 18 år
Påmeldingsfrist: 22. september.

Dette er eit nybegynnerkurs i låtskriving der du får lære og leike med enkle, grunnleggjande teknikkar innanfor låtskriving. Kurset passar for dei som har ingen eller litt erfaring med låtskriving. Det kan vere ein fordel å kunne litt notar eller nokre grep på gitaren, men dette er ikkje nødvendig for å vere med. Det viktigaste er at du har lyst til å lære. Vi skal jobbe med tekst og oppbygging av låtar. Om vi får tid tar vi turen inn i øvingsrommet og prøvar å sette melodi og komp til teksten. Det kan også bli mogleg å jobbe vidare med å lage ferdig låten på bandkurset dagen etter.
Les meir om Bandkurs her

Kurset blir holdt av Eline Brun. Eline er 25 år, kjem fra Jostedalen og er keyboardist og vokalist. Etter tre år på musikklinja på Firda VGS (2010-2013) flytta ho til Liverpool for å studere musikk ved Liverpool Institute for Performing arts (2013-2016). No er ho basert i Wales der ho jobbar som keyboardist, vokalist, låtskrivar og produsent i bandet I SEE RIVERS.

Påmelding

Brak-medlemmar og elevar i kulturskulane i Nordfjord kan delta gratis.
For andre kostar det 300 kroner å delta. Faktura blir sendt ut i etterkant av kurset.

Meld deg på her 

Meld deg inn i Brak gratis her

Kurset er arrangert i samarbeid med Kulturskulen i Stryn og UKM.

Siste nytt