Låtskrivarkurs i Førde 5. april

Merethe Soltvedt

Merethe Soltvedt

I samband med fylkesfinalen i Ungdommens Kulturmønstring arrangerer Brak og UKM kurs i låtskriving med Merethe Soltvedt! Kurset går to gonger, laurdag 5. april (frå kl. 16-18) og søndag 6. april (frå kl. 10-12)

 

Litt om kurshaldar:

 

Merethe Soltvedt er frå Askøy utanfor Bergen, har skrive låtar siden femte klasse, spelt i rockeband, er innimellom vokalist for TV2 og for komponisten Thomas Bergersen/Two Steps From Hell, men er først og fremst sangar, låtskriver og artist med fleire utgjevelsar på eige selskap. Merethe har mellom anna skrive låtar samman med Grammy-vinner Jeff Silbar, og vore i studio med ein av Rihanna sine studioteknikarar. Dei siste fire åra har Merethe studert låtskriving, og i fjor hadde ho diverse kurs og workshopar i Noreg saman med Berklee College of Music Online-instruktør Neil Diercks frå Los Angeles. Dette ga meirsmak så ho har haldt fram å halde kurs.

”Det er så givande og inspirerande å møte menneske som ynskjer å uttrykke seg gjennom musikk. Vi er alle på samme reise, vi berre er på ulike stader på vegen.”

Kurset vil ta for seg verktøy, metodar og tips for å skrive fleire og betre låtar under mottoet; ”When you know better, you do better!”

 

Kurset er gratis for medlemmer i Brak og vert arrangert i samarbeid med fylkesmønstringa i Ungdommens Kulturmønstring.

Meld meg på!

Bookings are closed for this event.

Siste nytt