Kurs i booking, PR og konsertproduksjon i Førde

Kurs i booking, PR og konsertproduksjon i Førde

Brak inviterer i samarbeid med Akutten konsertarrangørar i og rundt Førde til kurs i konsertproduksjon. Kurshaldar er prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane, Katrine Clausen Fredheim. Katrine har erfaring frå booking, produksjon og drift av studenthus, samt jobba fast med både Målrock og Slottsfjellfestivalen i fleire år.

Kurset vil gå gjennom i detalj alle elementa i ein konsertproduksjon, frå bookingprosessen til marknadsføring, gjennomføring og evaluering. Ein vil få nyttige tips rundt bookingprosessen, avtalar og verktøy for både planlegging og gjennomføring av sjølve produksjonen med både små og større artistar. Kurset er gratis for medlemmer i Brak, og medlemskap i Brak er gratis!

Meld meg på!

Bookings are closed for this event.

Siste nytt