Korleis skape seg ei musikkarriere

Korleis skape seg ei musikkarriere

Stad: Haarklousalen i 1. etasje på Førde kulturskule
Dato: 29. november 2019
Tid: 18.30 – 20.00
Pris: gratis

Går du rundt og drøymer om å bli artist? Lurer du på korleis det er å jobbe som musiker eller korleis du kan gi di noverande karriere ein boost? Kom og høyr om korleis det er å jobbe som musiker og kva ein må tenke over for å få det til.

Søren Reiff er ein dansk jazz- og funkgitarist. Han har gitt ut tre eigne album og har svært lang fartstid som profesjonell gitarist. Søren har jobba med blant mange andre; Kim Larsen, Hanne Boel, Chaka Khan og Randy Crawford. Søren har også gitt ut fem bøker – fire av desse er gitarundervisningsbøker, den siste handlar om musikkbransjen.

Kurset er gratis og ope for alle.

Bli også med på førjulsjam med Søren Reiff 1. desember kl 19.00.
Les meir om førjulsjammen her.
Les meir om dei andre kursa og Søren Reiff her

Kurset blir arrangert i samarbeid med Førde kulturskule og med støtte frå Førde kommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Siste nytt