Konsertproduksjon for artistar i Førde 6. april

Kurset er ei basisinnføring i omrgrep innanfor konsert- og turneproduksjon for band og artistar. Vi skal innom korleis ein enklast kan forhalde seg til riderar, arrangørar, festivalar og andre vanlege utfordringar rundt det å drive som utøvande musikarar. Ei rekke tips og triks frå både festivalar og turnear vert presentert av prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane, Katrine Clausen Fredheim. Ho er sjølv turnerande lystekninkar og festivalprodusent ved sidan av jobben i Brak, og har erfaring med konsertproduksjon både med artist- og arrangør auge gjennom ei årrekke.

Kurset er gratis for medlemmer i Brak og vert arrangert i samarbeid med fylkesmønstringa i Ungdommens Kulturmønstring.

Meld meg på!

Bookings are closed for this event.

Siste nytt