Jamsession med Erik Smith

Jamsession med Erik Smith

Bli med på jamsession i Førde 30. november!

Stad: Førde, Festsalen på Førdehuset
Dato: 30. november 2019
Tid: 19.00 – 21.00 (dørene opnar 18.30)
Pris: gratis
Aldersgrense: 18 år. u/18 kan delta med verge.

ERIK SMITH er ein av landets mest erfarne og allsidige trommeslagarar med nesten 40 års fartstid innan alle greiner av norsk musikkliv; Innspelingar og turnear i de fleste sjangrar, TV, teater, musikalar, undervisning, instrument-design, clinic- og føredragsverksemd og som skribent. I tillegg er Erik ein av få på sitt instrument som er anerkjent og flittig brukt i ut-landet. Erik har blant anna jobba med Bugge Wesseltoft, Helge Sunde, Randy Crawford, Neil Sedaka, Michael Bolton, KORK, Oslo Groove Company og mange, mange, mange fleire.

Erik Smith er i Førde med ein seminarserie for trommisar og band frå 29. – 30. november. I den forbindelse blir det arrangert Jamsession, leia av Erik, der deltakarane frå seminara kan vise fram noko av det dei har lært, men som er ope for alle å delta på.

Program
1) Deltakarane frå Feedback får presentere ein låt som dei har jobba med på dagtid.
2) Det blir lagt ut eit par låtar her etterkvart som det går an å forberede seg på.
3) Opa scene. Det er fritt fram for å spele ein låt ein har øvd på, eller dra i gang ein låt saman med andre.

Sunnfjord Catering har servering av drikke og snacks frå 18.30 – 20.30.

Bruk sjansen mens Erik Smith er i Førde og få også med deg Workshop for trommisar og Feedback for band.
Les meir om Workshop med Erik Smith (12 – 16 år)
Les meir om Workshop med Erik Smith (17 – 99 år)
Les meir om Feedback med Erik Smith

Seminarserie og Jam blir arrangert i samarbeid med Førde kulturskule.

Siste nytt