Hordaland fylke – «Kulturkortpotten»

Tilskot for å stø opp under ordninga med kulturkortet

Formål

Løyvingane skal stø opp under visjonen for Hordaland fylkeskommune si ordning med kulturkort for ungdom. Kulturkortert skal bidra til at all ungdom mellom 16 og 20 år i Hordaland får kjennskap til eit breidt kulturtilbod og stimulera til at fleire nyttar tilbod dei elles ikkje har eller ville ha nytta. Kortet skal såleis vera ein døropnar inn i kulturinstitusjonane og kulturlivet i fylket. Løyvingane skal gå til samarbeidspartnarar som legg til rette for spesielle arrangement retta mot ungdom. Kulturkortpotten skal ikkje fungere som kompensasjon for kulturkortrabatt.

Kven kan søkje

Organisasjonar, foreiningar, lag og andre samanslutningar som har inngått samarbeidsavtale med Hordaland fylkeskommune om ordninga.

Søknadsfrist

1. mars og 15. september kvart år.

Kva kan støttast

Hordaland fylkeskommune har eit regionalt kulturansvar. Løyvingar skal difor gå til tiltak/prosjekt som er av slik art at dei har regional interesse og/eller nedslagsfelt. Søknaden må gjelde tiltak/prosjekt særleg retta mot ungdom i alderen 16 – 20 år og vera eigna til å stimulera deira bruk av kunst- og kulturtilbod i fylket. Søkar må ha skriftleg samarbeidsavtale med Hordaland fylkeskommune om ordninga med kulturkort for ungdom. Tilskot kan ytast både til ideelle og profesjonelle prosjekt/tiltak. Det er ein føresetnad at tilsegnsmottakar aksepterer og nyttar ordninga med følgjekort for funksjonshemma. Funksjonshemma som kjøper billett skal ha rett til gratis billett til sitt følgje.

Støttenivå

Frå kr 5.000 til kr 30.000

Krav til søknaden

Søknaden skal innehalde slik informasjon om søkar og tiltaket at det kan vurderast om vilkåra for å yta tilskott er oppfylt. Foreiningar og andre samanslutningar må ha/angje organisasjonsnummer. Privatpersonar som søker må angi personnummer. Dersom søknaden er mangelfull, vert det gitt høve til å rette dette innan ein nærare fastsett frist. Dersom manglane ikkje er retta innan fristen, kan søknaden verte avvist.

Se her for mer info og søknadsskjema.

Siste nytt