Hordaland fylke – Kulturelt utviklingsprogram (KUP)

Formål

KUP er eit verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Hordaland, og skal støtta nyskapande og målretta prosjekt initierte av kulturlivet sjølv. KUP er eit supplement til Hordaland fylkeskommune sin øvrige innsats på kulturområdet, og til annan offentleg eller privat økonomisk medverknad.

Kven kan søkje

Søkjar sine primæraktivitetar skal vere lokalisert i Hordaland, og tiltaket må medverke til utvikling i Hordaland. Søkjaren må vere offentlege eller private organisasjonar eller institusjonar.

Søknadsfrist

2. april

Kva kan støttast

Søknadene skal gjelde 1-3-årige prosjekt, og vere innanfor virkefeltet kunst, kultur og kunnskapsutvikling.

Støttenivå

100.000 – 200.000 – prosjekt på inntil 3 år, vekt på nyskaping, overføringsverdi, samarbeid
Prosjekt over 200.000 – prosjekt på inntil 3 år, med større krav til partnarskap, gjennomføringsevne, administrasjon, osb.

Krav til søknaden

Registreringsskjema må fyllast ut og sendast innan 2. april. Det vert ikkje gjeve stønad til ordinær drift og investeringar.
Søknaden skal vera innretta mot eit eller fleire programområde.

Se her for mer info og søknadsskjema.

Siste nytt