Hordaland fylke – Ålmenne kulturføremål

Kunst- og kulturtiltak – prosjekt innan t.d. litteratur, kulturhistorisk dokumentasjon, scenekunst, musikk, visuell kunst m.m.

Formål

Løyvingane skal stø opp under visjonen for Hordaland fylkeskommune sin kulturpolitikk i tråd med gjeldande fylkesplan, og såleis m.a. vere med på å sikre innbyggjarar rundt om i fylket eit mangfaldig og godt kulturtilbod.

Hordaland fylkeskommune har eit regionalt kulturansvar, så reint lokale kulturtiltak må finansierast av vedkomande kommune e.l..

Kven kan søkje

Organisasjonar, foreiningar og lag må ha organisasjonsnummer for å søkje. Privatpersonar kan søkje tilskot eventuelt på vegner av ei gruppe. Då vert det stilt krav om at fødselsnummer vert oppgjeve i søknaden.

Søknadsfrist

1. mars og 15. september kvart år

Kva kan støttast

Løyvingane skal gå til tiltak/prosjekt som er av ein slik art at det har regional interesse og/eller nedslagsfelt.

Støttenivå

Totalløyvinga i denne ordninga for 2014 på kr 1.000.000 vert fordelt ved tildeling vår og haust. Vanlegvis ligg tilskota mellom 8.000 og 30.000 kr.

Krav til søknaden

Vi ynskjer at søkjar nyttar elektronisk søknadsskjema

Se her for mer info og søknadsskjema.

Siste nytt