Førdekonferansen

Førdekonferansen 2014:

Fridomsreform og kulturpolitikk: Mindre pengar, men meir for pengane?

Den 3. Juli er det klart for Førdekonferansen 2014.  Tema for konferansen er den varsla kulturreforma frå den nye regjeringa. Den nye regjeringa vil gjennomføre ei fridomsreform i kulturpolitikken. Reforma skal føre til auka maktspreiing, høgare kvalitet og breiare finansiering av kulturlivet. Konferansen vert leia av Asta Busingye Lydersen.
Kva vil konsekvensane vere for kulturlivet om den statlege finansieringa av kultur vert redusert, og meir av kulturlivet sine inntekter skal komme frå private aktørar? Er det private næringslivet klare for å ta på seg ansvaret som staten ynskjer å legge på dei? Korleis vil ei maktspreiing og regionalisering kunne styrke eller svekke kulturlivet? Og kva er erfaringar frå andre land som allereie har vore gjennom liknande reformer?

Siste nytt