Feedback med Erik Smith

Feedback med Erik Smith

Meld bandet ditt på Feedback med Erik Smith!

Meld deg på her 

Stad: Festsalen i Førdehuset
Dato: 30. november 2019
Pris: 2000 kroner per band / gratis for medlemmar i Brak eller elevar i Førde kulturskule

På Feedback får bandet ditt 1,5 time intensiv jobbing saman med Erik Smith. Banda vil få kreative og konkrete tilbakemeldingar på samspel, framføring, arrangement og dynamikk. Det vil bli jobba med sound og uttrykk, men også med dei individuelle prestasjonane. Bandet sender i forkant 1-2 låtar som dei vil jobbe med til Erik Smith.

ERIK SMITH er ein av landets mest erfarne og allsidige trommeslagarar med nesten 40 års fartstid innan alle greiner av norsk musikkliv

Program
10.00 – 11.30:  Band 1
11.45 – 13.15:   Band 2
13.45 – 15.15:  Band 3
Har du spesielle ønske for tidspunkt, gi beskjed på e-post til elise@brak.no

Påmelding

Brak-medlemmar og elevar ved Førde kulturskule kan delta gratis.
For andre (heile bandet) kostar det 2 000 kroner å delta. Faktura blir sendt ut i etterkant av kurset.

Påmeldingsfrist: 1. november

NB! Vi har kun plass til tre band på Feedback. Banda som får delta vil bli valgt ut etter påmeldingsfristen.

Meld deg på her 

 

Andre kurs med Erik Smith

Bruk sjansen mens Erik Smith er i Førde og få også med deg Workshop i trommesett og jamsession.
Les meir om Workshop med Erik Smith (12 – 16 år)
Les meir om Workshop med Erik Smith (17 – 99 år)
Les meir om Jamsession her

Kursserien er arrangert i samarbeid med Førde kulturskule.

Siste nytt