Filtrer på tags

Har de ein rocka draum?

Under årets haustjakt speidar Norsk Rockforbund etter 6 pilotar, som er klare for store mengder luft under vingane. Fyll kofferten med idear, skriv ein søknad og gå ein nyskapande vinter i møte!

BakgrunnsinformasjonProsjektet «Identitetsutvikling av norske konsertarrangørar» kom i stand våren 2009, etter at Norsk Rockforbund fekk stønad frå Kommunal- og regionaldepartementet til gjennomføringa. Formålet er å rette fokus mot identiteten som ein suksessfaktor blant landets konsertarrangørar. Dette er meir aktuelt enn nokon gong på grunn av den enorme veksten i konsert-Noreg dei siste åra, som også har ført med seg mange like konsept. Dei som vågar å tenkje nytt vinn markedsandelar, medan mange slit med å få endane til å møtest, ofte fordi publikum no kan oppleve mange av dei same artistane i andre rammer ein annan stad.

Prosjektet vart for alvor sparka i gang med Norsk Rockforbunds nasjonale fagseminar om identitet i Bergen i vår, der boka «Kunsten å være seg selv» også vart lansert. Om du ikkje har fått tak i ein papirkopi, kan du lese heile boka på nett: www.identitetshandboka.no

Formålet med pilotaneNeste steg er no å ta identitetsarbeidet ut til felten, og ta for seg konkrete prosjekt. Seks av søkjarane blir valde ut, og får ein eigen rettleiar (kven det blir avhengjer av kva prosjektet dreiar seg om). Rettleiaren står til dykkar disposisjon gjennom heile prosessen, og de bestemmer saman korleis gjennomføringa av pilotprosjektet skal foregå. Erfaringane frå pilotprosjekta skal ligge til grunn for eit enklare kursopplegg om identitet på eit seinare tidspunkt.

Kven kan søke?Alle medlemmar i Norsk Rockforbund som er innanfor Kommunal- og regionaldepartementets satsingsområder kan søke om å bli ein av pilotane. Sjå kart på siste side.

Kva krevjast av dykk?Dersom de er innanfor dei farga områda på kartet krevs det berre to ting: Kreativitet og tid! Pilotane skal lande trygt seinast i løpet av mars 2010, og det er difor eit krav at de har høve til å setje av tid til å arbeide med dette i løpet av hausten og vinteren. Kor tidkrevjande sjølve gjennomføringa vil verta kjem an på kvart enkelt prosjekt, men det er sjølvsagt fornuftig å planleggje gjennomføringa til ei periode med liten arrangøraktivitet, dersom dette er mogleg.

Dette stiller vi medVed sidan av ein drivande dyktig og engasjert rettleiar sponsar NRF også kroner og øre til gjennomføringa av pilotprosjektet. Rettleiaren vil også kunne hjelpe til i arbeidet med å søke annan finansiering om det er naudsynt.

Utover dette kan NRF garantere nokre uvurdelige nye relasjonar, både til andre arrangørar, folk rundt deg, og ikkje minst til andre deler av bransjen.

Ein særs god idé kan i tillegg bli belønna med ein plass i Nisjelandet under by:Larm, dersom den fell i smak hjå juryen. Det er med andre ord ingen grunn til å spare på kruttet!

Tidsplan for pilotprosjekta15. oktober: Søknadsfrist1. november: Utveljing av dei seks beste pilotaneNovember-mars: Gjennomføring av pilotprosjekta

Kom i gang, skriv søknad no!
Er de klare for å hive dykk med i kampen? Fyll ut vedlagte søknadsskjema! I fyrste omgang treng de ikkje sende ein omfattande søknad, men sørg naturlegvis for å få med det viktigaste. Dersom det vekkjer interesse hjå søknadsutvalet vil det bes om ei meir utfyllande beskriving til behandlinga dersom det blir naudsynt.

Og ikkje få panikk dersom kreativiteten ikkje blomstrar enno! Dersom de ikkje allereie har ein idé vil vi gjerne høyre om ei problemstilling de ynskjer å løyse. Sjekk gjerne neste side for meir inspirasjon til aktuelle idear 🙂

Ta gjerne kontakt med prosjektleiar Eirik Høyme Rogn ved spørsmål: eirik@norskrockforbund.no eller 971 09 903.