Filtrer på tags

Lyden av Manger er musikk!

Lyden av Manger er musikk!

Ein liten time frå Bergen sentrum ligg Manger folkehøgskule. Ein skule med stort fokus på musikk. Du kan velgje mellom linjene Band, Vokal, Musikkproduksjon, Brassband og Musikk, bu og fritid. Sistnevnte har for neste skuleår ingen ledige plassar, men det er fortsatt nokre få ledige plassar på dei andre linjene. Det er ikkje noko søknadsfrist. Skulen tar opp elevar heilt fram til skulestart 26. august.

Manger folkehøgskule

Band, Vokal og Musikkproduksjon er tre linjer som samarbeider tett. Hovudfokus er på låtskriving, øving, produsere/spele inn i studio og konsertar. Undervisninga og arbeidsmetodane set elevane i reelle situasjonar og gjev dei eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.

Kombinasjonen av desse linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. Skulen har fine fasilitetar, godt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt.

Les om linjene her: http://www.manger.fhs.no

– At me er tett på Bergen og musikkmiljøet der er ein stor fordel for oss, seier linjeleiar for band, vokal og musikkproduksjon, Håvard Matland. – Eit godt supplement til det daglege opplegget på skulen er å ta turen inn til Bergen og besøke aktørar i bransjen. Dette er svært inspirerande og lærerikt. I år var me mellom anna innom studioet til produsent-duoen Atella, Daniel Birkeland i Havnelageret studio, Magnus Åserud Skylstad i Lydriket og Brak som kvart år er ein god ressurs for elevane våre.

Det går fint å kombinere folkehøgskule med øving, konsertar og anna musikalsk aktivitet utanfor skulen. Til dømes har tre av medlemmene i The Well vore elevar hjå oss midt i ein beinhard periode med satsing nasjonalt og internasjonalt, og bandet Heather fann saman på Manger folkehøgskule før dei året etter spelte på by:larm.

Meir informasjon

Sjekk ut tilbudet til skulen på manger.fhs.no og ikkje nøl med å ta kontakt visst du har spørsmål!

Siste nytt