Filtrer på tags

Brak er i gang i Sogn & Fjordane!

Brak er i gang i Sogn & Fjordane!

Hei Stig!

Gratulerer med ny jobb som prosjektleder for Brak i Sogn & Fjordane!– Takk for det!

Er du spent? – Ja. Det vert ein heil del å setja seg inn i, og enkelte område jobben berører er nye for meg. So eg både gledar meg og er spent på å byrje.

Hvilke erfaringer har du som gjør at du vil passe godt til denne jobben?– Eg kjem frå ei lita bygd (Leikanger) og har erfaring med korleis det er å væra musikkintresert på bygda, med dei plussar og minusar det har med seg. Eg har utdanning innan lydteknikk og har jobba fleire år med både film og musikk i studio. Eg er og tidlegare gitarist i Vreid, der eg har vore med på 4 plater og turnert mykje i Europa og USA. Eg har med andre ord godt kontaktnett, og veit godt kva det dreiar seg om å væra både utøvande artist og å arbeide på produksjonssida.

Hva gleder du deg mest til? – Å få bedre kjennskap til, og bidra til å tilretteleggja for musikkmiljøet i Sogn og Fjordane.

Hva er det første du vil gripe tak i?– Eg lyt få ei oversikt over miljøet i fylket, snakka med folk og prøva å komma igjennom til dei som kan ha nytte av Brak. Eg vil og jobba mot det offentlege med tanke på støtteordningar. Ein lyt og sjå til at det finst moglegheiter for å driva med musikk rundt om i kommunane her. Eg tenkjer då til dømes på tilgang på øvingslokale.

Hva ser du for deg at blir den eller de største utfordringene? – Å få profilert Brak og moglegheitene som ligg i å væra medlem i Brak på ein god måte vert ei av utfordringane no i startfasen. Ei anna utfordring er å setja fokus på rytmisk musikk mot det offentlege og hevde verdien av eit sterkt musikkmiljø.

Hva tror du at Brak kan bety for Sogn & Fjordanes musikkmiljø?
– Brak vil gi musikkmiljøet i Sogn og Fjordane betre tilgang på kompetanse og bistand. Som sagt kjem eg frå Leikanger, og so vidt meg bekjent har det aldri vore noko organsisasjon i Sogn og Fjordane med fokus på rytmisk musikk, og som i tilegg tenkjer heilheitleg slik Brak gjer. Brak kan og bidra til å samle det som er av artistar og kompetanse rundt musikk i Sogn og Fjordane slik at ein kan dra nytte av kvarandre.