Filtrer på tags

Artistpåmeldinga til 100 Dagar er opna

Artistpåmeldinga til 100 Dagar er opna

100 Dagar er Noregs minste bransjefestival med ein garantert bli sett og høyrt oppleving for banda som spelar der. Nettverksarenaen knyttar festivalar og band tett saman og gir ein unik mulighet til å knytte kontaktar med musikkbransje og musikkfestivalane på Vestlandet.

Opptil 20 band får delta kvart år. Her får dei ein unik sjanse til å vise seg fram for eit nytt og større publikum, og for meir enn 20 festivalrepresentantar.

Meld deg på no

100 Dagar er ein unik sjanse for ambisiøse og spelesugne band og artistar. 100 Dagar har gitt fleire band speleoppdrag på blant anna Hovefestivalen, Festidalen, Bygdalarm, Vikedal Roots Festival, Etnemarknaden, Periferifestivalen, Stordfest, Tysnesfest, Skånevik Bluesfestival, Tall Ships Races, Musikkfest Stavanger, Utkant, Skralfestival og Bergenfest.

Påmelding for band finn du her

Kort om opplegget for dei som får spele:
Kvart band får maks 30 minutt på scenen
Enkelte band vil kunne få høve til fleire opptredenar.
Artist/gruppe får ikkje honorar, men ein unik muligheit til å vise seg for eit breitt publikum og representantar for festivalar i regionen.
Ein får høve til å bygge nettverk og bli kjent med andre musikarar.
Deltakande band/musikantar får festivalpass til konsertane begge dagar under 100 Dagar arrangementet.

Det blir hyra inn kompetente folk frå musikkbransjen som held føredrag for deltakande musikarar mm.
Det er ikkje garantert speletid for alle som melder seg på. 100 Dagar vil først og fremst vera ein arena for band med ambisjonar. Det er difor viktig at du/dykk fortel kva planar de har og legg ved link til heimeside eller side der musikken er publisert. Har du musikkvideolink, legg også ved det.

100 Dagar feirer 10-års jubileum

Musikkfestivalen 100 Dagar gir artistar og band endå fleire moglegheiter når dei trør til med jubileumsfestival i 2017. 100 Dagar vert arrangert på Leirvik Stord 27. – 28. januar 2017, og artistane som vert plukka ut blir vurdert til både Vestlandssatsinga og speletid på Trondheim Calling og Vill Vill Vest i tillegg til fleire individuelle festivalbookingar.

Det tette samspelet mellom festivalane på bransjetreffet har ført til den unike «Vestlandssatsinga» der fleire festivalar går saman om å løfte fram det bandet som utmerkar seg mest på 100 Dagar. Tidlegare har dette blitt tildelt band som Yuma Sun (2013), Tiebreaker (2014), Silja Sol (2015) og Hear Me Roar (2016). ”Vestlandssatsinga” medfører at eitt band/artist får tilbod om 6-10 honorerte festivaljobbar det same året. Slik bidreg festivalane til å byggje CV og spele-erfaring for unge, lovande talent.

100 Dagar har gått inn i samarbeid med Trondheim Calling og Vill Vill Vest.

Den nye bransjefestivalen Vill Vill Vest starta opp med eit brak i år og vart ein umiddelbar suksess med eit vanvittig spekter av nye lovande band og ei rekke seminar og foredrag av høg kvalitet. Den nye møteplassen for nasjonal og internasjonal musikkbransje har sitt utgangspunkt i Bergen. Trondheim Calling er med sine 1000 konferansedeltakarar Noregs største nasjonale musikkonferanse og showcasefestival.
Til liks med 100 Dagar har også Trondheim Calling og Vill Vill Vest fokus på å hjelpe nye og gode band med å få spele på større arenaer. Showcasefestivalane skal no utveksle artistar slik at eit band vert valgt ut å spele på Vill Vill Vest til hausten og på Trondheim Calling året etter. Samstundes vil 100 Dagar ta i mot eit band frå Trondheim Calling og eit frå Vill Vill Vest.

Meld deg på no

Det er festival- og konsertarrangøren Stordfest som arrangerer 100 Dagar. Meir informasjon og påmelding på www.stordfest.no

Kontakt: Haakon Vatle, tlf 975 37 984

Påmelding for band finn du her

Siste nytt