Filtrer på tags

Arrangørseminar 5-6.februar!

Arrangørseminar 5-6.februar!

Kort om programmet (se fullstendig program nederst):

Fredag 5. februar

Fokus på kommunikasjon med media; Media styrer i stadig større grad kva folk skal tenkje og meine. God kommunikasjon med media er difor ein suksess-faktor for alle arrangørar.

Fredagen blir avslutta meddobbeltkonsert:

MAJORSTUEN – Lytt på MySpace Dette verdskjende norske hardcore-folkemusikkbandet har spelt inn si tredje plate. SKIR kjem ut 1. februar, og konserten i Førde er ein del av lanseringsturneen. Gjer deg klar for energiske krumspring frå nokre av dei fremste felespelarane i landet!

SALZUMBA – Gå til heimeside Dansegolvet er rette plassen når du skal nyte dei latinske rytmane til Salzumba. Med Salsa, Cumbia og Vallento vil Sverre Indris Joner og hans dyktige musikarar frå Mexico, Peru, Cuba og Norge lose oss inn i seine nattetimar.

Laurdag 6. februarDel I: Sponsorarbeid og rettleiing i korleis lukkast i søknadsjungelen.
Del II. Samarbeid på tvers av sjanger og arbeidsfelt.

Seminaravgift (VRAK-prisar!): Med hotellovernatting fredag-laurdag: kr 1000,-
For ikkje-buande deltakarar: kr 500,-
Prisen inkluderer: To seminardagar med frukost, lunsj og middag. Konsertar fredag kveld.
NB! Meld frå dersom du ønskjer overnatting utover seminaret.

Seminarstad: Rica Sunnfjord Hotel og Spa http://www.rica.no/Hoteller/Rica-Sunnfjord-Hotel/

Påmeldingsfrist: 12. januar 2010Påmelding til: Førdefestivalen på epost fride.haugen@fordefestival.no

Spørsmål:tlf 57 72 19 40

Korleis komme seg til Førde?www.wideroe.no – Fly Bergen – Førde
www.nor-way.no – Buss Stavanger – Bergen – Førde
www.tide.no – Båt Stavanger – Bergen

Tilrettelegging og teknisk arrangør:

FØRDEFESTIVALEN

VRAK (VESTNORSKE RYTMISKE AKTØRER) BESTÅR AV BRAK, FØRDEFESTIVALEN, STAR OG VESTNORSK JAZZSENTER

 

PROGRAM FOR ARRANGØRSEMINARET:

Fredag 5. februar

13:00 Enkel lunsj og registrering

13:45 Velkommen v/Hilde Bjørkum, Førdefestivalen

14:00-14:45 Å spreie den glade bodskap – gjennom sosiale medier. Arild Nybø, Mediekameratane

14:45-15:15 Diskusjon med kaffipause

15:15-16:00 Knekk mediekoden! Korleis snakke til pressa? Anne Margrethe Alværen, Mediekameratane.

16:00-16:15 Diskusjon i plenum

16:15-16:45 Liten matpause som opplading til siste del av dagen.

16:45-17:15 Kvifor rockar ein festival på Nordfjordeid? Arnt-Ivar Naustdal, Malakoff rockfestival

17:15-18:00 Gruppediskusjonar.

18:00-18:15 Diskusjon i plenum

19:00 Middag21:00 Konsert – Majorstuen og Salzumba

 

Laurdag 6. februar

10:00-10:10 Til dagsorden. Morgenmusikk

10:10-10:30 Kven og kvifor? Sponsorstrategiar. Atle Stalheim, regionbanksjef Sparebanken Vest.

10:30-10:50 Finst suksessoppskrift for sponsorarbeid? Hans-Olav Solli, markeds- og sponsorsjef Moldejazz

10:50-11:20 Diskusjon med kaffipause.

11:30-12:00 Jakta på statsstøtta… Om støtteordningar for arrangørar. Repr. frå Norsk Kulturråd

12:15-13:15 Lunsj

13:15-13:35 Konkurranse eller samarbeid? Repr. frå FestivalVoss

13:35-14:00 Diskusjon og luftepause

14:00-14:30 VRAK-samarbeidet / Den musikalske stamvegen,Frøydis Moberg, BRAK og Lars Mossefinn,Vestnorsk Jazzsenter.

14:30-14:45 Spørsmål, diskusjon. Avrunding. Vel heim!