Filtrer på tags

Vil du formidle kunst og kultur til skuleelevar?

Vil du formidle kunst og kultur til skuleelevar?

Kunst- og kulturproduksjonar til skulen

Vil du formidle kunst og kultur til skuleelevar? Hordaland fylkeskommune har ansvar for kunst- og kulturformidling til elevar i grunn- og vidaregåande skular i Hordaland. Programmet vert finansiert og tilrettelagt i samarbeid med Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Norge. Det varierer frå år til år, og ein må kvart år sende inn forslag til programmet.

Kven kan sende inn forslag?

Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan dei ulike utrykka kan sende inn forslag til programmet.

Innhald

Hordaland fylkeskommune sitt samla program skal omfatte visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk, kulturarv og kunstartar i samspel. Elevane skal gjennom skulegangen få eit variert tilbod, og oppleve profesjonell kunst og kultur både på skulen, kulturhus og andre kunst- og kulturinstitusjonar/ -arenaer. Kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen er for elevane og skal skje i skuletida.

Føremål med ordninga

Den kulturelle skolesekken skal sikre eit profesjonelt kunsttilbod i skulen på ein måte som understøtter det pedagogiske arbeidet og bidreg til realisering av skulen sine læreplanmål.

Måla med programmet er:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod,
  • å leggje til rette for at elevar i skulen skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk av alle slag,
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål,
  • å gje born oppleving av kunst og styrke deira eiga skaparevne,
  • å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til undring og kritisk vurdering.

Les meir og send inn forslag digitalt på Hordaland fylkeskommune sine eigne sider

Siste nytt