Filtrer på tags

Utlysning: Norsk kulturråds aspirantordning for 2019

Utlysning: Norsk kulturråds aspirantordning for 2019

Ordninga skal sikre ei meir mangfaldig rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke.

Kva kan det søkjast støtte til?

Det kan søkjast om tilskot til å tilsetje kunstnarar eller kulturarbeidarar med etnisk minoritetsbakgrunn, i 100 prosent stilling som aspirantar i normalt eitt år. Er søknadsperioden meir eller mindre enn eitt år, må dette grunngjevast.

Institusjonane som tek imot aspirantar må forplikte seg til å gje aspiranten oppgåver som sikrar fagleg og kunstnarleg utvikling og er i samsvar med institusjonanes målsetjingar og behov.

Aspirantopphaldet skal styrke aspirantens arbeidsmoglegheiter i kunst- og kulturlivet.

Det kan ikkje søkjast tilskot til prosjekt som fell utanfor føremålet til aspirantordninga.

Kven kan søkje?

Profesjonelle kunst- og kulturverksemder av skapande, utøvande eller formidlande karakter innan alle kunst- og kulturformer kan søkje om aspirantstillingar. Verksemdene vert oppmoda om å ta kontakt med aktuelle aspirantkandidatar, og kandidatar vert oppmoda om å ta kontakt med aktuelle verksemder, for å etablere eit samarbeid i søknadsprosessen. Det er verksemda som må sende inn søknad om tilskot til aspirantstilling, og søknaden bør vere utarbeidd i samarbeid med ein namngjeven aspirant.

Aspiranten skal ha kunst- og kulturfagleg utdanning eller tilsvarande praksis. Ordninga omfattar også administrasjon; produsent- og arrangørverksemd og utdanning som kvalifiserar til administrative stillingar i kunst- og kulturverksemder vil også godkjennast.

For å bli tilsett i aspirantstilling må kunstnaren/kulturarbeidaren bu i Noreg og ha norsk arbeids- og opphaldsløyve.

Les mer om ordninga og søk via Kulturrådets eigne sider

Siste nytt