Filtrer på tags

Sommarjazzkurs i Jølster

Sommarjazzkurs i Jølster

28. juni til 2. juli blir det arrangert Sommarjazzkurs i regi av Vestnorsk Jazzsenter på Thon Hotell på Skei i Jølster.

Føremålet er å inspirere fleire, særleg unge, til å bli interessert i og spele improvisert musikk. Men kurset skal også kunne vere ei inspirasjonskjelde for dei som alt er kyndige i faget. Påmeldte mellom 15 og 25 år har fortrinn dersom det blir rift om plassane.

Det er ein fordel å kunne lese notar og det er forventa ei viss instrumenterfaring, men det aller viktigaste er lysta til å spele og lære meir! Undervisinga blir organisert slik at det vil vere noko å bryne seg på uansett nivå.

Instruktørar

  • Tor Yttredal – saksofon/treblås, fagleg ansvarleg
  • Dag Arnesen – piano
  • Eva Bjerga Haugen – vokal
  • Nina Kristina Linge – gitar
  • Andreas Rotevatn – trombone/messingblås
  • Magne Thormodsæter – bass
  • Øyvind Skarbø – trommer

Påmelding

Deltakaravgift: 2 500 kroner. Dekker undervising, notar, mat og overnatting.

Meir info

Sjå nettsidene til Vestnorsk Jazzsenter for meir informasjon og påmelding.

 

 

 

 

Siste nytt