Filtrer på tags

Sommarjazzkurs i Jølster 27.-30. juni

Sommarjazzkurs i Jølster 27.-30. juni

Vestnorsk Jazzsenter arrangerer Sommarjazzkurs på Skei i Jølster 27. - 30. juni 2018.

Føremålet er å inspirere fleire, særleg unge, til å bli interessert i og spele improvisert musikk. Men kurset skal også kunne vere ei inspirasjonskjelde for dei som alt er kyndige i faget. Påmeldte mellom 15 og 25 år har fortrinn dersom det blir rift om plassane.

Det er ein fordel å kunne lese notar og det er forventa ei viss instrumenterfaring, men det aller viktigaste er lysta til å spele og lære meir! Undervisinga blir organisert slik at det vil vere noko å bryne seg på uansett nivå.

Instruktørar

Tor Yttredal – saksofon/treblås, faglig ansvarlig
Dag Arnesen – piano
Hildegunn Gjedrem – vokal
Nina Kristina Linge – gitar
Andreas Rotevatn – trombone/messingblås
Magne Thormodsæter – bass
Øyvind Skarbø – trommer

Deltageravgift

kr 3 000,- og dekker undervisning, noter, mat og overnatting.

Meir info

Sjå nettsidene til Vestnorsk Jazzsenter for meir informasjon og påmelding.

Siste nytt