Filtrer på tags

Sogn og Fjordane Musikkfond 2017 utdelt til sju artistar og ein arrangør

Sogn og Fjordane Musikkfond 2017 utdelt til sju artistar og ein arrangør

Totalt kom det inn søknadar på over 500 000 kroner til søknadsfristen 15. oktober 2017. Sølvi Lien, Håvard Eliassen og Jørgen Stangeland Bach satt i juryen med 100 000 kroner å dele ut.

– Det er veldig spennande å sitte i juryen for SOMU, og søknadane gir oss eit godt innblikk i kva som rører seg i musikklivet rundt om i heile fylket. Helst skulle vi sjølvsagt gitt støtte til endå fleire, men juryen var samrøysta i å prioritere dei som får tildeling i denne runden, seier Sølvi Lien.

Sogn og Fjordane Musikkfond (SOMU) er ei viktig tilskotsordning for musikklivet i Sogn og Fjordane. SOMU er eit sjangeruavhengig fond med tilskotsordningar for artistar og arrangørar. Fondet har eksistert sidan 2012 og er den første og per no einaste tilskotsordninga for musikk i Sogn og Fjordane. SOMU vert administrert og drifta av Brak.

Spitfire får støtte til å reise på turné
Dei siste to åra har Spitfire spelt mykje i utlandet for publikumstal opp mot 2000 personar. Bandet har fått stor eksponering og opplever aukande fanbase. I løpet av desse åra har bandet også knytt viktige kontaktar i bransjen, då spesielt i Tyskland. Spitfire planlegger ny Europaturné i 2018 og er i dialog med fleire store og middels store artister for turnésamarbeid. Spitfire viser at det er mogleg å vere eit internasjonalt turnéband busett i Sogn og Fjordane.

«Spitfire vil gjerne få takke juryen i Somu for tilliten dei viser oss.
Spitfire har dei siste åra vore på to større Europaturnear og hatt over 30 konserter i 6 ulike land. Vi er godt i gang med planlegging av en ny turné i 2018, og støtten fra SOMU kjem godt med i reisekassa vår.»

\m/ – Spitfire

Stor satsing på innspeling
Det er mange som søker om støtte til innspeling av musikk. Av desse vart seks stykk plukka ut i tildelinga. Dette er musikarar som vi finn innanfor mange sjangrar og viser at fylket har ei stor breidde av artistar på høgt nivå. Dei som får støtte i denne runden er Falkevik, Camilla Hole Trio, Slegest, Selvik, ODD EINAR og Baia Wolf.

“Å finne frem til talent er kanskje verdens mest takknemlige oppgaver. Å kunne dele ut penger til de med talent må være enda gøyere! SOMU gjør en viktig jobb med å finne frem til de som kan trenge det lille ekstra løftet. Det handler ikke bare om kroner og øre, men også å gi talentene anerkjennelse og et lite vink om at ”vi ser deg og vi legger merke til det du driver med”. Takk SOMU for at dere setter av både tid og penger til talenter på alle trinnene i kulturstigen. Kultur er dødsviktig!”
– Christer Falck, representerer ODD EINAR gjennom Falck forlag

Havblikk får etableringsprogram
Havblikk blir første bransjeaktør som får SOMU sitt etableringsprogram. Etableringsprogrammet skal utviklast saman med mottakar og gi verktøy til aktøren som kan hjelpe vedkommande vidare med sitt prosjekt. Det kan til dømes vere mentormøter innanfor økonomi, forretningsutvikling og marknadsføring eller andre tema alt etter kva aktøren har behov for.

Brak ynskjer å takke våre samarbeidspartnarar i SOMU: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Malakoff Rockfestival, OnCue Music Productions og Vestnorsk Filmsenter.

For meir informasjon sjå nettsida til Sogn og Fjordane Musikkfond

 

Siste nytt