Filtrer på tags

Seminarserie med Søren Reiff i Førde

Seminarserie med Søren Reiff i Førde

Spelar du gitar eller i band? Dette er ei stor moglegheit til å utvikle ferdighetene dine!

I samarbeid med Førde kulturskule har Brak invitert Søren Reiff til å halde heile 5 seminar samt ein jamsession i Førde frå 29. november til 1. desember.

Søren Reiff er ein dansk jazz- og funkgitarist. Han har gitt ut tre eigne album og har svært lang fartstid som profesjonell gitarist.  Søren har jobba med blant mange andre; Kim Larsen, Hanne Boel, Chaka Khan og Randy Crawford. Søren har også gitt ut fem bøker – fire av desse er gitarundervisningsbøker, den siste handlar om musikkbransjen. Søren Reiff vann i 2017 STUDIO JAMS INTERNATIONAL INSPIRATION AWARDS som “Most Inspiring Guitarist”. Du kan lese meir om Søren Reiff her.

På Guitarcamp er det plass til 8 personar per kurs. På Baddoktor har vi kun plass til 3 band. Jamsession er ope for alle.

Bruk sjansen mens Søren Reiff er i Førde meld deg på seminar!
Les meir om Guitarcamp (12 – 16 år)
Les meir om Guitarcamp 17+
Les meir om Banddoktor her
Les meir om jamsession her

Sitat frå tidlegere deltakarar på Guitarcamps:
“En af de mest inspirerende dage nogensinde”
“Et kæmpe ta-selv-bord af tips og tricks”
“Et spark, der har sendt mig i raketfart mod nye ting”

Siste nytt