Filtrer på tags

RockCamp i Årdal

RockCamp i Årdal

Historiens fyste RockCamp i Årdal 23. - 25. juni

Hugin Musikkforum er arrangør av RockCamp, og målet er at ungdom mellom 13 og 20 år skal få individuell opplæring på sitt instrument, samt læra om samspel, studio- og sceneteknikk m.m.!

RockCamp blir arrangert på Svalheim i Øvre Årdal der Hugin har øvingslokaler.

Campingplassen der ein skal overnatte er næraste nabo, så alt ligg difor til rette for ei kjekk helg med speling og sosiale aktivitetar ved campen.

I tillegg til mykje speling, blir det kjekke aktivitetar som bading i utandørsanlegget i Årdal og ”Farmen-leikar” ved Svalheim Gard.

Arrangementet er sjølvsagt rusfritt!

RockCamp lovar proffe instruktørar som har spelt med store nasjonale artistar.

Pris for helga er kr. 1.900,- pr. deltakar.

Dette inkluderar opplæring, mat og overnatting. Denne helga handlar om speling og gode opplevingar, så alle deltakarar må overnatte på campingen. Det gjeld også musikarar frå Årdal. Komplett informasjon vert sendt til alle påmelde.

Les meir om RockCamp og meld deg på her

Siste nytt