: Spelestadar i Sogn og Fjordane

Spelestadar i Sogn og Fjordane

Har du lyst å legge opp ein turné i Sogn og Fjordane? Eller stikke innom Sogn og Fjordane på turneen din? Vi har oversikta over spelestadane i fylket!

Veit du om spelestadar som bør inn på denne lista? Send e-post til elise@brak.no.

Heilårsarrangørar

Meieriet er studenthuset i Sogndal. Meieriet har kapasitet på 550 personar og har det meste av backline og PA. Sjå liste her. 

Larris er den nye klubbscena i Førde. Larris ligg på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa og har ein kapasitet på 500 personar.

Gymmen er klubbscena på Nordfjordeid. Gymmen har kapasitet på 250 personar.

Blaoboxen ligg i Sogndal på Sogndal kulturhus og har ein kapasitet på 150 personar. Har standard PA og backline. Ta med eigen lydtekniker.

Bakeriet ligg i Øvre Årdal.

Akutten er scena til Stundentsamfunnet i Førde. Akutten har ein kapasitet på 135 personar og har PA og grunnleggande backline. Arrangerer også større konsertar på Larris.

Lauget kaffi & kultur er ein kafé på Sandane med ei lita scene til intime konsertar.

Vesle Kinn er ein ølkafé i Florø med ei lita scene til intime konsertar.

Villa Åmot er ei perle i Bygstad med kapasitet på ca 100 personar.

 

Heilårsarrangørar utan fast stad

Svelgen Rockklubb arrangerer konsertar i Svelgen. Uavhengig av sjanger innanfor det rytmiske segmentet.

Jølster Jazzklubb arrangerer jazzkonsertar i og rundt Jølster.

Fjordane Musikkforum arrangerer konsertar og event i heile Sogn og Fjordane.

Florø Rockeklubb arrangerer konsertar i Florø.

Fjæra Bluesklubb er den einaste Bluesklubben i fylket og arrangerer konsertar i Gloppen.

Hugin Musikkforum held til i Øvre Årdal og syslar mest med rock, pop og blues.

 

Festivalar

Malakoff Rockfestival ligg på Nordfjordeid og blir arrangert 3. helga i juli kvart år. Festivalen er blitt ein av dei største i landet og har ein kapasitet på 22.000 personar.

Utkantfestivalen ligg heilt nede ved sjøen i Skjerjehamn og blir arrangert siste helga i juli kvart år. Festivalen er ein av dei største i Sogn og Fjordane.

Fres Festival blir arrangert i Fresvik siste helga i juli kvart år. Denne festivalen er ein av dei minste i Sogn og Fjordane, men kanskje den største på sjarm.

Målrock blir arrangert på Årdalstangen første helga i august kvart år. Festivalen fremjar pop og rock som blir framført på dialekt.

Førdefestivalen er den største festivalen for akustisk verdensmusikk i Skandinavia. Festivalen blir arrangert i Førde kvart år i veke 27.

Balejazz er fylkets største jazzfestival og held til i Balestrand. Festivalen blir arrangert fyste helga i mai kvart år.

Jazz på Jølst er ein jazzfestival i Jølster som blir arrangert i midten av oktober kvart år.

Gloppen Musikkfest er ein festival som fokuserer på klassisk musikk. Festivalen blir arrangert på Sandane i veke 36.

Fjordblues er den einaste Bluesfestivalen i Sogn og Fjordane og blir arrangert på Sandane årleg i slutten av oktober.