: Guide til teknisk rider

Kva er ein teknisk rider?

Ein teknisk rider skal i enkle trekk forklare kva ein artist treng av teknisk utstyr for å kunne gjennomføre ein konsert. Den tekniske rideren er rekna som ein del av ein kontrakt med spelestad eller festival saman med hospitality/backstage-rider. Saman regulerer desse tre (kontrakt, teknisk- og hospitality rider) kva behov og krav artisten har for å kunne gjennomføre ein god konsert.

 

Treng eg ein teknisk rider?

I dei fleste tilfelle er svaret ja. Ein teknisk rider treng ikkje vere full i spennande ord og vendingar, det viktigaste er at den får fram det du faktisk treng. Den kan godt stå saman med hospitalityrideren, men pass på at tekniske forhold er eit eige avsnitt som er godt forklart, gjerne slik at det ikkje går an å feiltolke eller misforstå. Det er heilt utruleg kor mange arrangørar som klarar å både feiltolke og misforstå innhaldet i riderar og kontraktar generelt.

 

Har du med eigen teknikar på konsertane dine er det lurt å utarbeide teknisk rider i samarbeid med denne, men pass litt på at den tekniske rideren ikkje er laga for ein Noregsturné på Rockefeller-scener, då dei fleste stader i Noreg ikkje verken er av den størrelsen eller utstyrt tilsvarande. Enkelte arrangørar vil gjerne strekke seg for å oppfylle rideren, og då kan du bli sittande igjen med svært høge kostnadar til innleige av teknisk utstyr i konsertproduksjonen du kanskje kunne klart deg utan. Reiser du berre til nokre jobbar med eigne teknikarar, bør dette står i rideren eller opplysast om til arrangør i dei tilfella du ikkje har med eigne teknikarar.

Kva skal den tekniske rideren innehalde?

Følgjande punkt er ting eg meiner du MÅ ha med i ein teknisk rider:

  • Kontaktinformasjon og generell informasjon:
    • Kontaktinformasjon til person i bandet eller crewet som kan svare på spørsmål av teknisk art, inkludert backlinespørsmål. Både e-post og telefonnummer må du ha med, og dette kan godt stå både heilt på toppen av rideren og til slutt.
    • Litt generell informasjon om at rideren er der for å sikre ei problemfri gjennomføring både for deg som artist og for arrangøren. Her er det og viktig å ta med litt om sikkerheit – alt teknisk utstyr skal vere forsvarleg rigga og sikra både for artist og publikum, og alt som er rigga av lys i taket skal sikrast med sikkerhetswire. Her kan det og stå om de har behov for barrikadar framfor scena.
  • Lokalt personale og bærehjelp
    • Arrangøren må stille med lokalt personale som er teknisk kompetent og som kjenner utstyret på spelestaden ut og inn. Dersom du ikkje reiser med eigen lyd- eller lystekniker må det stå at arrangøren skal stille med dette. Ofte er dette same person som er husets ansvarlege og husets lyd- eller lystekniker, og det går i dei fleste tilfelle heilt fint.
    • Dersom du har behov for bærehjelp ved innrigg må dette stå og kor mange det er behov for. Eit tips her kan vere å spesifisere at desse og må vere tilgjengeleg ved utrigg, at dei må vere edru og over 18 år, då mindreårige ikkje har lov å drive tungt arbeid av denne typen.
  • PA og miksar
    • For å spele konsert treng du eit PA-anlegg. Her er det viktig å spesifisere at arrangøren skal stille med dette, samt at anlegget må vere tilpassa størrelsen på lokalet og dekke alle publikumsområda utan at lyden vrenger seg.
    • Ein lydmiksar må og vere tilgjengeleg. Den bør ha stor nok kapasitet til å dekke inputlista (sjå lenger ned) og monitorar, alternativt må arrangøren stille med ein eigen monitormiksar til dette føremålet.

Last ned her PA-rutine

  • Monitorar
    • For å få god lytting på scena trengs det monitorar. Det vanlege er at ein i alle fall skal ha ein monitor per person i bandet på kvar sin kurs, dvs at alle kan få kvar si lytting etter eige ynskje på scena.
  • Backlinebehov
    • Reiser du med eigne forsterkarar, trommer og så vidare til kvar konsert, så bør det stå. Viss du ikkje gjer det, må du sette opp ei detaljert liste over kva du treng av utstyr for å gjennomføre konserten. Det er utruleg viktig å ha god dialog med arrangøren for å syte for at dette er i orden når du kjem, og understreke at alt utstyr må vere i tipp topp stand, elles står du plutseleg der med ein forsterkar som ikkje fungerer som den skal, og då blir det plutseleg vanskeleg å spele konsert…
  • Inputliste/linjeliste
    • Du kan skrive ei liste over kva instrument du har, og eventuelt om det er nokre spesielle mikrofonar som skal nyttast på desse. Har du med fele og har eigen felemikrofon, så kan du gjerne skrive det i ei slik liste. Denne lista forenklar jobben til lydteknikaren på huset vesentleg når dei skal legge opp dagen, og på festival er denne lista svært viktig!
    • Døme på ei inputliste:

Capture d’écran 2015-09-30 à 17.27.58

Last ned inputliste-mal her

  • Stageplot
    • Saman med inputlista bør det følgje ei teikning av scena slik ho ser ut når bandet står på den. Dette kan du gjere for hand om du vil, men lag ei enkel skisse der du syner kvar utstyret skal stå, kvar det skal vere monitorar og ikkje minst – kvar du treng straumuttak og gjerne kor mange. Desse småtinga vil gjere både din og teknikaren sin dag mykje kjekkare.

 

Capture d’écran 2015-09-30 à 17.41.13

 

  •  Lys
    • Lys er og viktig! Arrangør bør stille med eit lysanlegg som fungerer på scena, og gjerne ein teknikar som kan lage fint/tøft/stemningsfullt lys til bandet. Er det nokre spesielle ønske på lys bør det stå nokre setningar om kva fargar ein tenker seg, om det skal blinkast mykje og så vidare.
    • Bruk av røyk og strober: Er det nokon i bandet som ikkje tåler/likar røykmaskin/haze eller strobelys bør det og stå i rideren.

Følgjande ting KAN du ta med i den tekniske rideren i tillegg til punkta over

  • Monitorbehov
    • Reiser du utan eigen lydteknikar anbefaler eg at du skriv eit avsnitt om monitorar. Skriv ned dei vanlegaste tinga du må ha med i monitormiksen til dei ulike kursane, til dømes at vokalisten treng først og fremst sin eigen vokal, så kanskje litt keyboard eller synth.
  • Effektar og lydbilete
    • Skriv nokre ord om ønska lydbilete på bandet om du kan. Ta med om det skal vere mykje klang på visse instrument og kva type klang på ulike låtar og kva typar følelsar ein er ute etter.

Kommunikasjon FØR ankomst

Ta kontakt med arrangøren i god tid og dobbeltsjekk at både arrangøren og spelestaden har fått alle riderar, lest dei og faktisk skjønt innhaldet i dei. Minn gjerne arrangøren på vesentlege moment som at du til dømes må ha backline på denne konserten, og få gjerne ei liste over utstyret spelestaden har tilgjengeleg.

I same venda er det praktisk lurt å skaffe seg både e-post og telefonnummer til dei ansvarlege for dagen (teknisk ansvarleg og bandkontakt/representant for arrangøren). Nokre få dagar før konserten bør du og sjekke at arrangøren har ein køyreplan for dagen klart – med ankomsttider, tider for lydprøve, konsert og eventuell curfew (= alt må vere ferdig).

Når du reiser er det lurt å ha ein person i bandet eller reisefølgjet som er turnéleiar eller den spelestaden kan kontakte om noko er uklart i løpet av dagen.

Kommunikasjon og lydprøve

Når du kjem er det alltid veldig hyggeleg å helse fint på alle som er til stades og på jobb, og ha gjerne i bakhovudet at det ofte er opptil fleire av desse som er frivillige… I tillegg er det ingen dårleg ide å lære seg namnet på teknikarane på huset, for det er svært sannsynleg at du må bruke dei opptil fleire gonger.

Ved inn- og opprigg:

Ver effektiv utan å stresse når du først jobbar – det er hyggeleg både for teknikarane og for deg. Ta inn utstyret, frigje eventuelle bærehjelper når du er ferdig og ha ein god dialog med teknikarane om prosessen vidare. Om ikkje lysteknikaren er ferdig å rigge i taket kan det vere du må vente litt, men ver aldri for langt unna.

Ved lydprøve:

Det aller viktigaste å hugse er at ein lydprøve er IKKJE bandøving. Det er som oftast heilt greitt å gå kjapt gjennom eit par låtar for å sjekke småting, men lydprøven er ikkje staden du skal køyre gjennom heile konserten. Øve gjer du i øvingslokalet. Spel eit par låtar som famnar breidda i repertoaret til deg som artist, slik at teknikaren får eit best mogleg inntrykk av musikken og spennvidda. Pass og på at du får testa alle ulike instrument som er i drift i løpet av konserten. I tillegg kan det vere eit tips å ha ei låtliste som teknikaren kan få der du noterar på spesielle musikalske ting som må ha særskilt plass i lydbiletet – dette kan skaffe deg det uttrykket du ynskjer utan at det krev at teknikaren har lytta på musikken din i forkant.