Filtrer på tags

Programslepp: Blest 2018

Programslepp: Blest 2018

Blest går i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane og Larris i årets utgave. Dette syner igjen i fagprogrammet med fokus på samarbeid og tema som spelelister og eiga radiosending.

Meld deg på som delegat her

Booking anno 2018

Kl. 11.00 – 11.45
Korleis er samspelet mellom artist, bookingagent og arrangør? Kva forventningar har dei til kvarandre og korleis kan dei best treffe publikumet sitt saman? Kven har eigentleg ansvar for kva i prosessen fram mot konserten?

Panel:
Arnt-Ivar Naustdal, Malakoff
Sigrid Moldestad, artist
Jon Gotteberg, NKA
Erica Leypoldt, Nordic Live
Moderator: Vilde Blomhoff, Vill Vill Vest

Spelelister: radio vs strømming

Kl. 12.00 – 12.45
Korleis tenkjer radio når dei setter spelelister? Korleis tenkjer strømmetenester når dei setter spelelister? Korleis jobbar artistar og apparat mot desse to kanalane og kva er viktigast for å spre musikken til sitt publikum?

Panel:
Atle Bredal, musikksjef NRK P1
Henrik Sanne Kristensen, Tidal
Sjur Gimmestad, artist
Gilbert Lunde, MER
Moderator: Vegard Moberg, Brak

Konsertproduksjon for papirpushere

Kl. 14.00 – 15.00
Musikkutstyrsordningen inviterer til foredrag med Anne Amundsen Myrseth om verdien av ein god “advance”/preproduksjon og tar oss gjennom prosessen frå ein konsert er booka fram til showdag. Du får ei praktisk innføring i korleis lese og forstå ein teknisk rider utan sjølv å være tekniker. Vi går gjennom dei viktigaste faktorane å merke seg og kommunisere i preproduksjonsfasen, for at gjennomføringa skal bli ei best mogleg oppleving både for turnerande crew, artistar, teknisk personell, tilsette på spelestaden og ikkje minst publikum. Foredraget passar for alle som jobbar med arrangering av konsert og festival, enten du bookar, er leiar, produsent, teknisk ansvarleg eller arrangementspersonell på ein spelestad.

Foredragsholder: Anne Amundsen Myrseth

Spotify for Artist

Kl. 14.00 – 15.00
Eit innføringskurs for artistar og apparatet rundt ein artist der du lærer korleis du får satt opp og brukar ein artistprofil på Spotify.
Kva betyr det å verifisere Spotify-kontoen? Korleis ser Spotify ut på “baksida”? Kva verktøy får ein tilgong til og korleis brukar ein desse på best mogleg vis? Tim Dunham frå INgrooves gir ein presentasjon av korleis du kan utnytte moglegheitene i Spotify og hjelper deg i gang. Dette kurset er også nyttig for alle som jobbar i teamet rundt artisten, som t.d. manager eller musikkselskap då det er vanlig praksis at alle i teamet har tilgang til og brukar artistkontoen på Spotify.

Foredragsholder: Tim Dunham

Livesending frå Bartine

Kl. 15.00 – 16.00
Aktuelle artistar frå Sogn og Fjordane kjem til Blest og fortel på direkte radio om korleis dei jobbar. Vi snakkar laust og fast om korleis desse artistane har kome dit dei er i dag. Korleis kom ei jente frå Naustdal til å synge med Alan Walker? Korleis i alle dagar blir ein kar frå Balestrand den kulaste rapparen i Norge? Korleis får ein Gloppar 70 millionar avspelingar på éin låt berre på Spotify? Og korleis får ein Eidar skrive låtar til eit kinesist boyband? Dette er berre nokre av spørsmåla vi får svar på i løpet av denne timen med Livesending frå Bartine.

Panel:
Alexander Pavelich
Iselin Solheim
Sjur Gimmestad
Per Áki Sigurdsson Kvikne

Konsertar

Det blir også mykje spennande frå Larris scene denne kvelden.

17:00 Blest Showcase med tre spennande artistar frå Sogn og Fjordane

20:00 Luttprisen med Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Vilde og Anna, Line Dybedal og Ronny Brede Aase som konferansier. Luttprisen blir sendt direkte både på radio og på nett-tv.

21.30 Fagernes Yacht Klubb

Speakers og foredragshaldarar

Arnt-Ivar Naustdal, Malakoff

Festivalsjef og bookingansvarlig i Malakoff sidan 2007. Selger ut kapasiteten årleg (no 27 500 billettar) og har blitt kåra til det beste festivalprogrammet av GAFFA i 2016. Arnt-Ivar jobbar også som lærar på Eid vgs og er lidenskapeleg opptatt av musikk og sport.

Sigrid Moldestad

Folkemusiker, låtskriver og tekstforfattar. Sigrid har drive sitt eige band i 10 år og turnerer jamt med eigne prosjekt og konsertar i både stort og lite format.
Sigrid har gjeve ut 5 soloplater, sist med plata “Vere her” hausten 2017. Ho fekk Spellemannsprisen for solodebuten “Taus” i 2007 og har markert seg sterkt med historier om kvinner i folkemusikken. Sigrid har også mottatt ei rekkje andre prisar som Årets Folkemusikar, Lutt-prisen, Vossajazzprisen og Fylkeskulturprisen.

Jon Gotteberg, Norske Konsertarrangører

Jon Gotteberg er kultursjef i Studentsamskipnaden i Agder, bookingansvarleg for SØRVEIV og styreleiar i NKA. Han har jobba med studenthus, festival, klubb og kulturhus. Han er ikkje fremmed for nordvestlandet; Jon var kulturhusleiar i Stryn Kulturhus i 2011-2012.

Erica Leypoldt, Nordic Live

Erica har jobbet 4 år som prosjektkoordinator i Live Nation, og er no dagleg leiar i Nordic Live AS, eit Oslo-basert bookingbyrå som starta opp våren 2017. Erica har studert Kulturledelse i Bø, og har tidligare jobba i artistavdelinga i Øyafestivalen, og som salgsleiar på Dansens Hus.

Vilde Blomhoff, Vill Vill Vest

Vilde Blomhoff har vore festivalsjef for dei to fyrste utgåvene av musikkfestivalen og konferansen Vill Vill Vest. Ho har og arrangørerfaring som tidlegare bookingansvarleg for Hulen, og har i fleire år jobba som bookingagent og turnéproduksjon for både større og mindre artistar.

Atle Bredal, musikksjef NRK P1/P1+

Atle Bredal har jobba med musikk heile livet. Først i platebutikk, så som DJ. Radiokarriera begynte med hangaround i legendariske RadioMega i Bergen midt på 80-tallet og sida har det vore radio. Etter at Atle starta i NRK i 1993 har norsk musikk vore det han brenner for.

Henrik Sanne Kristensen, Tidal

Henrik Sanne Kristensen er utdanna medievitar fra UiO, og var som masterstudent del av forskningsprosjektet ‘Sky & Scene: Trender i musikkulturen’. Etter endt utdannelse begynte han å jobbe i WiMP, der han blant anna arbeidde med spelelisteprogrammering. I dag er Henrik norsk musikkredaktør for TIDAL.

Sjur Gimmestad

Sjur Gimmestad slapp sin første singel på Spotify i 2016 under artistnamnet SJUR. Sidan då har han hatt over 85 millionar avspelingar – noko som utgjer over 3 millionar timar totalt – og 13 millionar fans – som kan fylle Wembley stadion 153 kveldar!

Gilbert Lunde, MER

Gilbert Lunde er manager og partner i musikkselskapet MER. MER er eit musikkselskap med base i Oslo som har jobba med blant andre Alan Walker, Paperboys, Kaveh og Cezinando.

Vegard Moberg, Brak

Dagleg leiar i Brak.

Anne Amundsen Myrseth, Musikkutstyrsordningen

Anne Amundsen Myrseth har ti års erfaring frå musikkbransjen og arbeid med formidling av livemusikk. Anne jobbar til dagleg som produksjonsleiar og arrangementsansvarleg på Sentrum Scene, Rockefeller og John Dee i Oslo, men har også lang erfaring med festivalproduksjon frå festivalar som Øyafestivalen, by:Larm, Slottsfjellfestivalen, Miniøya og Norwegian Wood.

Tim Dunham, INgrooves

Tim Dunham er leiar for den nordiske avdelinga i det internasjonale distribusjonsselskapet INgrooves og har base i Oslo. Tim jobbar med internasjonale og norske artistar og musikkselskap som Brilliance, Vibbefanger, Kakkmaddafakka og Eget Selskap. Han driv også det uavhengige musikkselskapet U OK? som jobbar med management, utgivingar, publishing og pr.

Alexander Pavelich

Alexander Pavelich jobbar i musikkselskapet Toothfairy som held til i Drammen. Han er vokalist, gitarist og låtskrivar i bandet Lovespeake og skriv også låtar for andre, deriblant Nick Jonas som har gått til nr. 1 på den amerikanske Billboardlista. Alexander har også vore mentor på Stjernekamp i temaet EDM.

Iselin Solheim

Iselin har vore musikar lenge, men det tok først av då ho blei spurt om å hjelpe ein bekjent med å legge vokal på ein låt han hadde laga. Alan Walker og “Faded” blei gitt ut i 2015 og er no strømma over 750 millionar gongar! I 2016 gjorde ho eit nytt samarbeid med Alan Walker med “Sing me to sleep” og i november 2017 kom det ein ny låt frå Iselin saman med DJ Ryan Riback som alt har blitt strømma 1,2 millionar gongar.

Per Áki Sigurdsson Kvikne

Per er mannen bak Kjartan Lauritzen som er noko så sjeldant som ein rappar frå Balestrand. Det heile starta som ein spøk, ein parodi på ein irriterande betrevitar frå Sotra, men har no blitt eit fenomen som skapar legendarisk stemning på konsertar og har sett fyr på blant anna Bergenfest, Malakoff og Rockefeller det siste året. I 2017 slapp han EP´en Fenomenet som har hausta strålande kritikkar. Kjartan Lauritzen var også nominert til to av tre prisar under årets P3-Gull.

Siste nytt