Filtrer på tags

Konferanseprogram: Blest 2019

Konferanseprogram: Blest 2019

Brak presenterer eit aktuelt fagprogram med spennande foredrag og panel der du også får sjansen til å møte lokal og nasjonal musikkbransje.

Laurdag 19. januar frå 11:00 – 17:00 på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. 

Meld deg på som delegat her

Les meir om festivalen og konsertane her

Mitt nachspiel, ditt ansvar?

Kl. 11.00 – 11.45
Dei beste konsertane, festane og nachspiela er ofte godt dokumentert på sosiale media, og det kan vere svært viktig for arrangørar og artistar at arrangementet trendar på sosiale media. Dei færraste er klare over reglane rundt det å legge ut bilde av andre personar på nett og sosiale media, og enda færre har eit forhold til kva sosiale media-plattformene har rett til å gjere med bilda når dei leggast ut og konsekvensene det kan ha for personar/arrangørar som legg ut bilde i strid med reglane.

Advokat og partner i Bing Hodneland, Stine Helén Pettersen, gir oss eit underhaldande lynkurs i spelereglane rundt bildepublisering på sosiale media og kastar eit skråblikk på bildebruken til enkelte deltakarar på Blest. Har du kontroll på kva som ligg ute på Insta-kontoen til ditt arrangement?

 

Kva rolle spelar fylkeskommunen for musikklivet i fylket?

Kl. 12.00 – 12.45
Øyvind Høstaker, koordinator for Den kulturelle skulesekken og Øyvind Lyslo, fylkesmusikkleiar og musikkprodusent vil ma. informere om Den kulturelle skulesekken, ein stor arbeidsplass for musikarar og utøvarar innan mange kunstartar, og kva som blir lagt vekt på når nye program skal vurderast. Dei vil også informere om musikarordningane i fylket og litt om framtidsutsiktene når Sogn og Fjordane og Hordaland blir Vestland fylkeskommune frå 2020. Det vert høve til å stille spørsmål i etterkant.

 

Kickoff miljøtiltak festivalar

Kl. 14.00 – 14.45
Det blir stadig fleire festivalar og større arrangement i Norge og etter kvart arrangement ligg det igjen tonnevis med søppel og store karbonavtrykk. Korleis kan vi endre denne trenden og sørge for grønnare festivalar i Sogn og Fjordane?

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har bevilga pengar til å utvikle ei ny miljøsertifisering av festivalar. Eit panel med representantar frå styringsgruppa presenterer tankane rundt prosjektet. Vi oppfordrar publikum til å skrive ned nokre tiltak som allerede blir gjort i dykkar organisasjon og komme med innspel og spørsmål til panelet slik at vi saman kan legge til rette for miljøvennlige arrangment i framtida.

Introduksjon av Pål Fidjestøl. I panelet finn vi Guro Furunes Pettersen frå Norske konsertarrangører, Sveinung Pile frå Malakoff og Marit Bendtz frå Naturvernforbundet. Moderator er prosjektleiar Elise Hessevik frå Brak.

 

YouTube for artist

Kl. 14.00 – 14.45
Eit nybyrjarkurs for deg som vil bruke YouTube for å promotere deg sjølv som artist. Lee Barter frå INgrooves viser deg korleis du set opp din eigen YouTubekanal. Du vil få innføring i korleis baksida av YouTube fungerer og lære om korleis du kan bruke YouTube og video til å nå og bygge ein fanbase.

 

Låtskrivarpanel

Kl. 15.00 – 15.45
Få innsikt i tankane bak tre heilt forskjellige låtskrivarar.

Silje Halstensen, Eirik Aas og Odd Martin Skålnes blir intervjua av Kristian Stockhaus om korleis dei skriv låtar og kva valg dei står ovanfor undervegs. Kor finn dei inspirasjon? Kva ynskjer dei å formidle og kor viktig er det eigentleg å tenke kommersielt når ein skriv låtar?

 

Sosiale media og digital marknadsføring

Kl. 16.00 – 16.45
Norske konsertarrangører (NKA) inviterer til foredrag med Elisabeth Bekken Vikanes om korleis ein kan profilere seg best mogleg på sosiale media. Ho vil ta føre seg kva ein skal og bør gjere, og kva ein ikkje bør gjere på Facebook og Instagram. Elisabeth vil gå gjennom praktiske eksempel og svare på det de måtte lure på angåande sosiale media. Dette kurset passar for deg som vil bruke sosiale media til å profilere selskapet ditt.

Følg med for vidare oppdatering av fagprogrammet på Blest.

 

Speakers og foredragshaldarar

 

Stine Helén Pettersen, Bing Hodneland

Stine Helen Pettersen bistår særleg verksemder og aktørar innanfor media-, film- og musikkbransjen, i spørsmål om immaterialrett, medierett, markedsrett, kontraktsrett, arbeidsrett og personvern. Pettersen har særleg kompetanse innanfor opphavsrett (musikk, film, tv og andre media), varemerkerett og medierett, og har ei mastergrad med spesialisering i underhaldningsindustrien frå King’s College, University of London.

 

Guro Furunes Pettersen, Norske konsertarrangører

Guro Furunes Pettersen er fagansvarleg i Norske konsertarrangører. Guro har jobba i kulissene for fleire festivalar som Juba Juba, Pstereo, Byscenen i Tronheim, Vinjerock og Trondheim Calling.

 

Lee Barter, INgrooves

Lee Barter jobbar som Engagement Manager i INgrooves Music Group og har jobba med blant andre Kakkmaddafakka, Siv Jakobsen, Fenne Lily og Nerina Pallot. Lee administrerer YouTubekanalar for artistar og har derfor lang erfaring med å skape innhold til YouTube og lage marknadsføringsplanar som inkluderer tradisjonelt og utradisjonelt promoarbeid. Lee har lang erfaring i musikkbransjen og har tidlegare jobbe i Red Essential, The Orchard, ADA og BuzzMyVideos.

 

Elisabeth Bekken Vikanes, Oculus

Elisabeth har ei bachelorgrad i kulturprosjektleiing og jobbar i dag som fagansvarleg for sosiale media i digitalbyrået Oculos AS. Elisabeth elskar musikk og kultur og har ein CV stappa med utallege timar som både frivilleg og tilsett i fleire store og små kulturprosjekt. I sommarferien, når ho ikkje sit på kontoret jobbar ho mellom anne med Palmesus og Slottsfjellfestivalen.

 

Eirik Aas

Eirik er ein 22 år gammal rapper frå Bergen, som lagar musikk under sitt eige soloprosjekt og som medlem av rapgruppa Hester V75. Tekstuniverset er gjerne litt mjukare enn kva du ellers vil finne i samme sjanger, med følsomme og personlege tekstar om kvardagslege emne.

 

Silje Halstensen

Silje, eller Bendik som ho kallar seg på scena, begynte for alvor å markere seg i 2012 og har gitt ut fleire kritikerroste album og spelt hundrevis av konsertar. Sterke kontrastar har alltid vore ein viktig del av Bendik sitt univers. Det er ei jente med eit guttenavn. Musikken er fyllt av såre tekstar i mektig innpakning. Kombinert med Silje si formidlingsevne har publikum og presse latt seg rive med av både ho og bandet.

 

Odd Martin Skålnes


Odd Martin Skålnes, aka Odd Martin, er ein bergensbasert produsent, låtskrivar og artist. Dei siste åra har han både produsert og skrive musikk saman med internasjonale suksessar som Aurora og Sigrid. Odd Martin er gitarist og låtskrivar i bandet Strange Hellos og har også sitt eige soloprosjekt.

 

Kristian Stockhaus

Kristian Stockhaus spelar til dagen i banda Ungdomskulen og Lekende Lett og styrer skuta i soloprosjektet Stockhaus. Stockhaus jobbar også som produsent i eige studio på Havnelageret i Bergen. 

Pål Fidjestøl

Pål er tilsett i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, med ansvar for gåvetildeling. Hovudsakleg bakgrunn frå musikkbransjen, m.a. festivalsjef i Kongsberg Jazzfestival, har drive bookingbyrå/management i Bergen og (første) dagleg leiar av Brak.

 

Øyvind Høstaker, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Øyvind Høstaker er koordinator for Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane.

 

Øyvind Lyslo, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Øyvind Lyslo er fylkesmusikkleiar og musikkprodusent i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

 

Siste nytt