Vil du spele på Meieriet under studentveka i Sogndal?

For band og musikarar i Sogn og Fjordane.
Skrevet av , publisert 19.01.12 12:07

Vekakomiteen ser fram til ei heidundrande avslutning på Veka 2012 og melder fylgjande:

Laurdag den 25. februar avsluttar Veka med ein enorm Bandstand. Dette blir ein kveld der den lokale musikken får vist seg frå si beste side. Vekakomiteen håpar mange band melder seg på slik at det blir ein variert kveld.

To band har allereie meldt si interesse:

Kings of Lien som har solgt ut Meieriet 3 gongar har ein av sine siste konsertar i Sogndal før dei gir seg som coverkongar. Dei lova ein konsert som vil toppe alt dei tidligare har gjort. Sjå meir om bandet på www.kingsoflien.no

Tom Stockman er det andre bandet som skal spele. Dei reiser straks til Bergen og speler inn si første langspelplate «Kruttårnet» som allereie er spådd til å verta ein sukksess! www.tomstockman.no

Andre band som vil spela sender ein mail til Endre Aasebø på arrangement@studentveka.no. Fint om det også vart sendt med opptak og litt info om bandet. Me kan ikkje garantere at det blir plass til alle dersom det er for mange som melder seg på. Men me skal gjera vårt beste.

Kom an dao!

Frist for påmelding er 14. februar.

 

 

Kommentarer

  • Bli den første til å kommentere