For artistar/band, arrangørar og andre aktørar.
Brak ynskjer velkommen til eit nytt kursår med kurs i søknadskriving på Akutten i Førde.
Kurshaldar er dagleg leiar i Brak Jørgen Skauge. Han vil gå gjennom ein del av dei nasjonale
støtteordningane som finst innanfor musikkfeltet, både for artistar/band, arrangørar og andre aktørar. Han vil og sjå nærmare på kva dei forskjellige ordningane ser etter.
Det vil verte gjennomgått korleis ein skriv ei prosjektbeskriving, utforming av ein søknad, kva eit budsjett bør innehalde og generelle søknadstips. I tillegg vil det verte synt fram eksempel på gode søknadar.
Torsdag 19.01 Akutten 19:00 - 21:00
Kurset er gratis for Brak sine medlemmar og du kan melda deg på her
Meld deg på og lær korleis du kan få støttekroner til ditt prosjekt!