Filtrer på tags

Kurs i Komplett Sangteknikk (CVT) våren 2015

Kurs i Komplett Sangteknikk (CVT) våren 2015

Vil du lære konkrete, effektive teknikkar for sunn stemmebruk? Vil du vite korleis du kan lære å synge akkurat kva du vil, uansett om du er inspirert av Beyoncé, Pavarotti eller Tom Waits – eller vil finne din eigen stil? Komplett Sangteknikk (CVT) er eit system basert på anatomi og fysiologi, som gir deg god oversikt over kva moglegheiter stemma di har.

I vår blir det introkurs for dei som er nysjerrige på kva CVT er, og ikkje minst eit kurs over tre søndagar med fokus på master class (med pianist)!

———————————

Introkurs til intropris

Tid: 2. mars, kl 17-21

Stad: Bergen sentrum

Pris: 750 kr

Instruktør: Bodil Lunde Rørtveit (autorisert CVT-pedagog)

Maks 8 aktive (dvs på masterclass-delen)

Påmelding til brortveit@gmail.com, førstemann til mølla.

Åpent for alle over 18 år!

Viss du lurer på om Komplett Sangteknikk er noko for deg, er dette kurset! Her blir det først ein presentasjon der alle prøver ut dei ulike teknikkane ( f eks pust/støtte, twæng, funksjonar, volum og klangfarge). Etter ein pause jobbes det enkeltvis med maks 8 deltakere. Dette er veldig lærerikt, her får ein sjå korleis teknikkane fungerer i praksis. Ein lærer mykje av å sjå/høyre på dei andre, og ein lærer mykje av å bli undervist direkte.

Dei 8 første påmeldte tar med utdrag av ein song, eller nokre strofer frå ulike songar som dei vil jobbe med.

——————————————————-

3 syngande søndagar med pianist!

For deg som har vore på introkurs eller andre CVT-kurs tidlegare, arrangerer eg 3 søndagar i løpet av våren. Fokus blir på masterclass med pianist, sidan det er dette dei fleste tidlegare kursdeltakarar etterspør. Masterclass vil seie at ein og ein i gruppa blir undervist medan dei andre høyrer på. Å jobbe på denne måten har vist seg som ein veldig effektiv læringsmetode. Gjennom å sjå kva utfordringar dei andre har, og kva løysningar som fungerer, lærer ein raskere enn om ein tek private sangtimar åleine. Dessutan er det veldig kjekt å jobbe i gruppe, og det blir alltid ein god, støttande atmosfære i rommet.

Du kan melde deg på alle tre søndagane samla for redusert pris, eller du kan melde deg på ein/to søndagar. Dei som kjøper heile pakken kjem først i køenJ

Datoar: søndag 22. mars, søndag 12. april og søndag 10. mai

Tid: kl 12-16

Stad: Bergen sentrum

Samla pris for alle tre søndagar, inkludert pianist: 3800 kr

Pris per søndag, inkludert pianist: 1500 kr

Instruktør: Bodil Lunde Rørtveit (autorisert CVT-pedagog)

Antall deltakere: 8 (alle er aktive)

Påmelding til brortveit@gmail.com. Dei som kjøper heile pakken kjem først i køenJ Utover det: førstemann til mølla.

Aldersgrense: 18 år

———————————————————————————————

CVT

Complete Vocal Technique (CVT) er eit sangteknikksystem utvikla av Cathrine Sadolin, basert på anatomi og fysiologi + 20 års erfaring og forsking på den menneskelige stemma. CVT omhandlar alle sjangrar og stilartar, frå opera via pop til heavy metal. Complete Vocal Institute (CVI), som vart grunnlagd i København i 2005, er i dag Europas største sanginstitutt, med utdanningar i flere europeiske land.

På kurset får du ei oversikt over korleis CVT-systemet er bygd opp og kva moglegheiter det innebærer, vi prøver ut dei ulike metodane, og etterpå jobbes det med dei enkelte songarane sine problemstillingar i forhold til ein konkret song.

Bodil Lunde Rørtveit er autorisert sangpedagog frå Complete Vocal Institute, og har i tillegg musikk hovedfag frå NTNU i Trondheim. Til dagleg underviser ho i sang og stemmebruk ved Den Nationale Scene. Ho er frilans komponist og vokalist, blant anna i duoen SAGN. Som utøver har ho jobba med mange vokalsjangre, blant anna to av Norges framste vokalgrupper (Apes&Babes og Pust), jazz, pop, tango, folk/world, klassisk, improvisasjon og avantgarde.

”Kurset i CVT har vært utrolig lærerikt. Bodil er sjeldent dyktig til å bruke stemmen for å lage alle tenkelige lyder og etterligne ulike artister. Hun gir tips til hver enkelt om hva akkurat hun eller han må gjøre for å utnytte sitt stemmepotensiale maksimalt. Bodil veksler mellom en teorisk og praktisk tilnærming på en svært hensiktsmessig måte. Jeg anbefaler kurset til alle som ønsker å jobbe med sangteknikk og stemmebruk.”

Agnete Lind

“Jeg har alltid sunget og jeg har hatt mange sangtimer og undervisning i klassisk sang opp igjennom årene, men nå etter kurset i CVT er det som om jeg har fått et kart og kompass som viser meg hvordan jeg kommer nettopp dit jeg vil i denne sangverdenen. Samtidig vet jeg mer hvor i landskapet jeg befinner meg nå, og har fått mange nye verktøy for å komme meg videre. Interessant, gøy og ikke minst matnyttig! Anbefales på det varmeste!”

Camilla Therese Myhrer

“Det var veldig nyttig. Kurset hadde en god balanse av teori og praksis. Er glad for å ha et slik verktøy i hende!”

Tatiana Palanca (Miss Tati)

Siste nytt