Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Søk midlar fortløpande

Gåveinstituttet til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal bygge opp om visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane om å vere ei drivkraft for fylket. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.

Forenkla søknadar skal normalt få svar innan fire veker. Du kan nytte forenkla søknad på beløp opp til 10.000 kroner. Dersom du vil søkje om støtte til ordinær drift av ei foreining eller eit tiltak, må du òg nytte forenkla søknad.

Sjå her for meir informasjon og søknadsskjema