Hordaland fylke – Handlingsprogram for næringsutvikling

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH) er styrande for den årlege bruken av næringsretta utviklingsmidlar i Hordaland. I tillegg gir det føringar for andre offentlege etatar sitt utviklingsarbeid i fylket.

2015: HNH erstattar tidligare Regionalt utviklingsprogram (RUP). 2015-versjon av HNH vert handsama av Fylkesutvalet i februar.

Målgruppa for programmet er private og offentlege utviklingsaktørar som Hordaland fylkeskommune samarbeider med.

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH)

Sjølv om handlingsprogrammet er forankra i næringsplanen er ikkje alle tiltaka som er omtalt i næringsplanen teke med i handlingsprogrammet.

Tiltak i næringsplanen som ikkje krev ytterlegare utdjuping i handlingsprogrammet, vil det bli arbeidd vidare med ut frå formuleringane i næringsplanen. Det kan også vere at nokre av dei fokuserte innsatsområda i handlingsprogrammet ikkje er direkte forankra i konkrete formuleringar i næringsplanen. Dei er likevel viktige i det heilskapelege næringsutviklingsarbeidet i Hordaland. Det er difor ikkje ein direkte samanheng mellom planen og handlingsprogrammet.

Utgangspunktet er likevel at innsatsområda i handlingsprogrammet samsvarer med hovudstrategiane i næringsplanen. Dei er:

  • Hovudstrategi 1: Meir entreprenørskap og innovasjon.
  • Hovudstrategi 2: Fleire med meir relevant kompetanse.
  • Hovudstrategi 3: Ein velfungerande bergensregion og attraktive regionale senter.

Dei statlege føringane som blir gitt gjennom dei årlege tildelingsbreva til fylkeskommunen påverkar også virkemiddelbruken knytt til handlingsprogrammet. Desse føringane er innarbeidd i handlingsprogrammet.

Prosjekt og tiltak som skal finansierast vil bli vurdert i lys av prioriteringane og føringane i handlingsprogrammet. Dette vil få innverknad på søknadshandsaming og forvalting av dei økonomiske verkemidla.

Forvaltinga av virkemidla er delt mellom Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og dei regionale næringsfonda. Fylkeskommunen handsamar prosjekt og søknader av tilretteleggjande karakter, medan søknadar om støtte til bedrifter (bedriftsstøtte) blir handsama av Innovasjon Noreg. Dei regionale næringsfonda handsamar mindre søknader, og søknader av lokal karakter.

Hordaland fylkeskommune har hovudansvaret for Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland, men både utarbeidinga og gjennomføringa skjer i nært samarbeid med verksemder, bransjeorganisasjonar, næringsforeiningar, kommunar, forskings- og utdanningsinstitusjonar, regionråd og regionale- og statlege verkemiddelaktørar.

Ser her for mer info og søknadsskjema.