Bjørnar Erevik Nilsen og Herbrand Larsen frå Conclave & Earshoot studio i Bergen dreg gjennom ei helg med mikrofonteknikk, opptak, miks og mastering.
Får du ikkje heilt den lyden du skulle ynskje på innspelinga di? Treng du å læra meir om musikkproduksjon? Har du utstyret men ikkje kompetansen? No kan du gjere noko med dette. Fredag og lørdag (18. - 19. mai) kan du væra med under innspelinga av den nye demoen til Nifrost. Innspelinga vert lagt opp som eit kurs som tek for seg heile innspelingsprosessen frå mikrofonteknikk og opptak til miks og mastering.
Kuserhaldarar er Bjørnar Erevik Nilsen og Herbrand Larsen som begge jobbar i Conclave & Earshoot studio i Bergen. Dei har blant anna jobba med band som Enslaved, Audrey Horne, Taake, Vulture Industries, Helheim m.fl.
Om du ynskjer å delta sender du ein mail til stig@brak.no Kurset har plass til 5 personar, so her gjeld det å væra tidleg ute.
Kurset er gratis for Brak sine medlemmar. Hugs at medlemskap i Brak er gratis og du kan melda deg inn her.
Klekkeriet, 18.-19. mai, Kurset startar fredag 18. mai kl 17:00
Du finn Klekkeriet på dette kartet