Gylden moglegheit for unge artistar/band frå Sogn og Fjordane

Gymrock er ein konsertserie over 3 kveldar, med 9 utvalgte band.
Skrevet av , publisert 03.09.10 09:13

 

 

Gymmen og Malakoff Rockfestival arrangerar Gymrock, som går av stabelen i Gymmen på Eid:

Torsdag 21. oktober,  Torsdag 4. november og  Torsdag 27. januar

 

Målet med og tanken bak Gymrock er å gje band og artistar høve til å spele konsertar, samle eit musikkinteressert publikum og finne band til Malakoff Rockfestival.

Tre artistar/band spelar kvar kveld. Dei blir valde ut etter søknad som banda sjølve sender inn (du kan søka her). Dei som søkjer forpliktar seg til å vere med på ein av dei tre kveldane. Reiseutgifter blir dekka med inntil 1.000 kroner per band/artist. Eitt eller to av dei ni banda i konsertserien blir valde ut til å spele på Malakoff Rockfestival 2011. I tillegg får bandet eller artisten som samlar mest folk og skapar mest liv, to gratis opptaksdagar i Gymmen studio. Ein eigen fagjury avgjer kven som vinn premiane. Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal og operahusleiar Geir Holmen er faste medlemmer i juryen, i tillegg blir det med ein person til på kvar av konsertkveldane.

 

Ved spørsmål, ta kontakt med:

Arnt-Ivar Naustdal - - arntivar@malakoff.no
Geir Holmen - 90 77 99 33 - post@operahuset.no

 

Gymmen sine nettsider

 

 

Kommentarer

  • Bli den første til å kommentere