Skal setjast opp i Øvre Årdal, Eid og Høyanger i oktober
Med Geir Luedy og Martin Kvam
Brak inviterar til workshop for artistar i Sogn og Fjordane. Workshopen siktar seg inn mot artistar/band som er i startgropa, har innspelt materiale/demo, men som ikkje har fått ballen til å rulla skikkeleg. I tillegg oppfordrar me teknikar og produsentar til å melda seg på.
Artist workshop kjem til å setja fokus på produksjon, presentasjon, musikalsk profil, onlineprofil og sjå på kva som kan gjerast på desse områda for at ein skal komma nærmare målet sitt. Viare tek workshopen føre seg tips og informasjon vedrørande kven ein bør senda demoen til, kvar ein bør vera tilstades, korleis ein kan skaffa seg spelejobbar og liknande.
Geir Luedy er gammal ringrev i bransjen, med fleire år som både artist, produsent, lyteknikar og eigar av plateselskapet YFM bak seg. Han høyrer til dagleg på demoar på jakt etter nye talent. Av artistar Geir jobbar med no kan me nemna Pink Robots, Monica Heldal og Forza. Geir kjem til å ha den delen av workshopen som går på lydteknikk, presentasjon og profil.
Martin Kvam jobbar til dagleg i Brak. I tillegg er han deleigar og presseansvarleg for Karisma Records/Dark Essence med band som Helheim, Taake og Brimstone i stallen. Martin kjem til å ha den delen av workshopen som går på kvar ein bør senda demoen sin og kva ein må tenkja på om det dukkar opp kontraktsforslag. I tillegg til dette står publishing, tono-registrering og rettigheiter på blokka. Martin vil og ta føre seg forskjellige måtar å komma seg ut på vegen på. Visste du at mange band bookar turneane sine sjølve?
Artist workshop Sogn og Fjordane skal setjast opp på 3 forskjellige plassar og i tilknyting til 3 studio i fylket.
Onsdag 06.10 Øvre Årdal Huginhuset
Torsdag 07.10 Eid Gymmen Scene og Studio
Fredag 08.10 Høyanger bLyd Studio
Klokka 16 - 21 på alle plassane.
Dette er ein unik moglegheit til å få ny input, nye kontaktar og inspirasjon til hjelp i prosessen å komma seg ut av startgropa. Kvar workshop har ein kapasitet på 15 personar på kvar plass, og det er først til mølla.
Ein kan melda seg på ved å senda e-post til stig@brak.no
Påmeldinga for artistar og band skal innehalda info om bandet, dato ein ynskjer å delta og mp3. Maks 2 personar frå kvart band.
Teknikar og produsentar sender info om seg sjølv samt dato ein ynskjer å delta.
Kurset er gratis for Brak sine medlemmar. Ikkje medlem? Det er gratis og du kan melda deg inn her.