Musikksatsing i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune bidreg til å styrka musikkmiljøet ved å støtta oppstarten av ei eiga Brak-avdeling i fylket.
Skrevet av , publisert 29.07.10 15:58

Brak er ein organsisjon som jobbar for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland & Sogn og Fjordane, og representerar vel 400 medlemmar i regionen. Brak har inntil januar 2010 hatt sine kontor i Bergen, og det meste av kurs og tilbod gjennom organisasjonen har vore sentrert rundt Bergen og Hordaland. For å nå betre ut i Sogn og Fjordane starta Brak eit prøveprosjekt på eit år med eiga avdeling i Sogn og Fjordane. Stig Ese Eliassen vart ansatt i 50% stilling som prosjektleiar, og  kontoret på Leikanger har vore operativt sidan januar 2010. No går altso fylkeskommunen inn og støttar prosjektet med kr. 200 000 av potten for programutviklingsmidlar.

"Me er veldig glade for tilskotet frå fylkeskommunen, både for pengane, men og for det tydelege signalet om at ein ynskjer å næra opp under potensialet i musikkmiljøet i fylket. I tillegg til å væra musikkmiljøet sitt opplysningen1880, og dagleg hjelpa folk i miljøet med kva det måtte væra , gjer desse pengane oss i stand til å tilby fleire kurs for artistar og arrangørar i Sogn og Fjordane framover", seier prosjektleiar for Brak Sogn og Fjordane, Stig Ese Eliassen.

Styret i Brak har førebels engasjert prosjektleiaren for eit år som et prøveprosjekt. Vidare drift forutset eit dokumentert behov og ynskje frå miljøet om ei eiga Brak-avdeling, samt regional finansiering. Etter eit halvt års drift og lanseringsturné til Sogndal, Førde og Nordfjoreid ser ein ut frå eit stadig aukande medlemstal frå fylket og stor interesse for kurs og seminarer, at organisasjonen har livets rett i fylket. Fylkeskommunen sitt tilskot gjer det mogeleg å vidareføre arbeidet mot ei fast etablering av kontor og verksemd.

"Resultata frå det fyrste halve året i Sogn og Fjordane har vore overveldande, og det er gledeleg at fylkeskommunen bidreg allereie i 2010. Me vil no arbeida vidare mot fast regional driftsstønad og fulltidsdrift av kontoret på Leikanger", seier styreleiar Inga Moen Danielsen. 

 

Kommentarer

  • Bli den første til å kommentere