Fagfelt

  • Rock

Kontakt

Adresse:

Fardal

Telefon:
95935241
Nettside:
www.tyyl.no
Email:
tyylrock@gmail.com
Org nr:
994293788

Om oss

Med utgjevingi av EPen ”Atterava?” og påfølgande turnéaktivitet har rockeorkestret Tyyl! gjort kometkarrière i den norske undergrunnen. Kontant og fengande rock med tekstar på sognamål fell tydlegvis i smak hjå musikkelskarar landet over. Bandet fann si noverande form først i januar 2008, då Torkjel Solbraa, Håvard Øyrehagen og Jon Landsem fekk selskap av Vegard Styvi Loftesnes i øvingslokalet i Blitz-kjellaren. Etter kvart byrja snøballen å rulla, og sidan har den balla på seg både i studio, på klubbkonsertar og på festivalar. Av høgdepunkt i Tyyl! si turnerande karrière kan nemnast konsertar under Vinjerock på Eidsbugarden, Rootsfestivalen i Brønnøysund, Uka i Ås, Rockefeller, Mono og Garage i Oslo, Målrock i Årdal, Checkpoint Charlie i Stavanger og Fres Festival i Sogn. Namnet Tyyl! er ein meir insisterande variant av uttrykket tyl, som vert nytta i dialektar frå Voss i sør til Sunnmøre i nord. Ordboki seier at tyl tyder det same som tosk eller styving, og den personen som vert kalla tyl står ikkje spesielt høgt i kurs hjå den som seier det. Hausten 2009 gjekk Tyyl! i studio for å spela inn ein fullengdar. Den er no ferdig innspela og snart klar for salg. Følg med!

Personer

Gjestebok

Vis alle innlegg (0)
  • Bli den første til å kommentere