I Stryn og regionen omkring står folkemusikken sterkt fra Honndalstausene og Arne Sølvberg med Fjelljom Spelemannslag til nyskapande kvinner som Unni Løvlid og Liv Merete Kroken.
Samstundes har lokalsamfunnet fostra opp nokre av Noregs og verdas mest kjende og anerkjende jazzmusikarar. Trompeter Arve Henriksen, David Gald på tuba og Helge Sunde på trombone dyrka alle si tidlege musikkinteresse i Stryn. Dei har saman og kvar for seg erobra jazzpublikum over heile verda med kritikarros for sitt arbeid.
Med vakker natur som inspirasjonskjelde skal FolkJazz Stryn vere ein folkefest som hyllar tradisjonar og innovasjon i samspel, og slik bidra til den større satsinga på fornying og utvikling innanfor kultur og musikk i regionen, som igjen gjev ei positiv signaleffekt utover fylkesgrensene om takhøgde og nytenking.
Pilotprosjektet FolkJazz Stryn 2010 skal mobilisere eldsjeler og ressurspersonar frå musikkmiljøet i Stryn og regionen rundt med det felles målet å danne grobotn for ein nyskapande og berekraftig musikkfestival. Ideen er på lang sikt å lage "FolkJazz Stryn" som eit paraply til forskjellege musikk og andre kunst sjanger året rundt.